Hopp til innhold

No vil «alle» ha ein bit av Tarjei

Tarjei Bø sin fantastiske gjennombrotssesong i verdseliten gjer stryningen særs ettertrakta.

Tarjei Bø

ETTERTRAKTA: Tarjei Bø har blitt ein populær mann etter den enorme gjennombrotssesongen sist vinter.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Sist sesong vann Tarjei Bø det aller meste ein skiskyttar kan vinne i løpet av éin og same sesong. No merkar han at interessa er enorm frå mange kantar.

– Det er mange tilbod om å vere med på mykje, seier verdscupvinnaren til Bergens Tidende.

Han forklarer vidare:

– Det kan vere TV-program, spørsmål om å stille opp på idrettsarrangement eller selskap som vil ha avtalar.

Tarjei Bø er no småsjuk, og må utsetje ein treningelsir med Olympiatoppen. 22-åringen reknar med å reise etter troppen til Fuerteventura om nokre dagar.

LES OGSÅ:

– Eg må vere selektiv. Det gjeld å ikkje slite seg ut, seier han til BT.