Fotballspelarane skal redusere plastbruken med 30 prosent

Over ei halv fotballbane dekt med plast skal Sogndal åleine spare på å ta i bruk ein ny type nummer og namn på draktene.

Sogndal Fotball.

MILJØTILTAK:Ny teknologi skal gje norske fotballspelarar mindre plast på ryggen.

Foto: Sogndal Fotball / Pressefoto

Plast er det overalt. Også på draktene til fotballspelarar. Den komande sesongen skal plastbruken berre på draktene til norske toppspelarar reduserast med 30 prosent.

Og korleis skal alle klubbar i Eliteserien og 1. divisjon klare det? Ved hjelp av ny laserteknologi som skjer meir nøyaktige tal og namn som vert trykt på draktene. I dag vert desse ikkje reinskorne, men limte som store «ark» på draktene.

– Tenk på kva dei store kan spare

Berre for den vesle fotballklubben ved Sognefjorden vil det bety at om du la all plasten, som då vert til overs, utover bana, ville den ha dekka over halve fotballbana. I staden vert denne plasten resirkulert.

– Dette er eit svært viktig bidrag til å få ned plastbruken i fotballen. Sogndal er ein liten klubb, men tenk på kva store klubbar som Barcelona og klubbane i England kan spare, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Rasmus Mo.

Rasmus Mo

FOKUS PÅ MILJØ: Dagleg leiar Rasmus Mo seier Sogndal prøver å redusere plastbruken på fleire område.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Han seier at klubben jobbar på mange måtar med å redusere plastbruken.

– Miljømessig er plasten i kunstgrasbanane eit stort problem. Vi har gjort fleire tiltak, som at snøen som vert brøyta bort på vinteren vert behandla som spesialavfall, seier han.

Leverer til Barcelona og Liverpool

Mo takkar bedrifta Avery Dennison NTP i nabobygda Gaupne for dette bidraget til eit betre miljø. Dei er i dag ein leiande produsert i verda av merke som vert brukte på sportsklede, arbeidsklede og profilklede. Blant kundane er fotballklubben Barcelona og laga i den engelske ligaen, med Liverpool i spissen. I alt leverer dei merke til draktene til over 100 klubbar ute i den store verda.

Tom Dyrdal sit på kafé etter møte i Sogndal

NY TEKNOLOGI: Administrerande direktør Tom Dyrdal seier dei har teke i bruk ny laserteknologi for å redusere bruken av plast.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Administrerande direktør Tom Dyrdal forklarar satsinga med ei storinvestering i ny laserteknologi i 2019, som gir ei meir presis skjering av merka. I første omgang er det namn og nummer på draktene som vert skorne med den nye teknologien, men meininga er å bruke den på logoar og andre trykk på draktene og.

– Det er blitt godt motteke i marknaden, både i Premier League, norske klubbar og den amerikanske ligaen som vi leverer til i 2020, seier Dyrdal

– Vi vert utfordra av både oss sjølve og av kundane på å gjere produksjonen meir berekraftig. Dette er eit stort seg på vegen. Vi skal vere best i klassen på miljø, seier ein stolt direktør.