Hopp til innhold

No vert det kaldare, og snøen kjem langt ned i fjellsida

Skal du ut å køyre i pinsehelga bør du vere obs. Du kan nemleg møte på snø på vegane i fjellet.

Kvitenova, Stryn

KVITT: Biletet er frå Kvitenova mot Rv. 15 over Strynefjellet. Fjellet er på 1400 m.o.h., men snøen er venta heilt ned på 800 meters høgde.

Foto: web-kamera, Statens Vegvesen

– På fjellovergangane vil det vere vanskelege køyreforhold på grunn av temperaturen og overgang til snøbyer, seier statsmeteorolog Ida Marie Solbrekke.

Temperaturen skal frå i ettermiddag falle, og snøgrensa er sett til 800 meter. På Sognefjellet er det i morgontimane fredag -1 grad, og kaldare skal det bli.

Denne fjellovergangen er stengd på grunn av uvêr og opnar ikkje i dag.

Laster Twitter-innhold

– Det har bøtta ned

– Eg har ikkje så veldig gode nyheiter med tanke på dagen i dag. Sidan i går kveld har det kome 30–40 mm enkelte plassar, og det er berre på 12 timar, så det har bøtta godt ned allereie, seier Solbrekke.

Ho fortel at dette også vert stikkordet for resten av denne fredagen i mai. Det er venta lokalt mykje nedbør tidleg på dagen. I tillegg kan ein vente seg vind.

– Det er sørvestleg opp i liten kuling, og det har vore liten storm ved Stadt, men det skal minke til stiv kuling, seier Solbrekke.

Ida Marie Solbrekke

KALDT OG VÅTT: Statsmeteorolog Ida Marie Solbrekke.

Foto: Vervarslinga

Frå i ettermiddag skal det gå over til regnbyer, men det vil nok likevel vere grått og kome ein del nedbør, opplyser meteorologen.

Eit gløtt av sol

Er du ein av dei som har konfirmasjon eller kanskje dåp denne pinsehelga, så er ikkje dei neste dagane noko å skryte av heller, ifølgje meteorologen.

– Då håpar eg dei har planar om å ha det på laurdagen i så fall. På laurdag skal det nemleg streife inn ein høgtrykksrygg. Det vil nok vere litt byer først på dagen, men frå ettermiddagen skal det vere opphaldsvêr og periodar med sol, så laurdagen blir ikkje så verst, seier Solbrekke.

Men sola kikkar fram berre ein kort periode. På søndag vert det på ny nedbør frå tidleg søndag morgon og utover dagen. Måndagen vert prega av byevêr.

– Så det vert to våte dagar, seier ho.