NRK Meny
Normal

Nettbuss snur - no vert det igjen honnørrabatt

Frå mai 2013 fjerna Nettbuss honnørrabatten. Etter mykje kritikk og etter forhandlingar snur no selskapet.

Montasje med Nettbuss og Jostein Midtbø

HONNØR: Jostein Midtbø, leiar i Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane, gjer Nettbuss honnør for honnørrabatten.

Foto: Fotomontasje: Pressefoto/Laila Hage

– Dette var ei skikkeleg gladmelding, seier fylkesleiar i Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane, Jostein Midtbø.

Dermed er eit års kamp for å få tilbake honnørrabatten over.

– Vi i Pensjonistforbundet engasjerte oss sterkt i denne saka, og dette er veldig, veldig positivt.

Sterkt press frå interesseorganisasjonar

Nettbuss fjerna honnørrabatten då dei endra rabattsystemet frå 1. mai 2013.

Men frå 1. juli 2014 vert det igjen mogleg å kjøpe honnørrabatt på Nettbuss sine ruter i heile landet. Den moglegheita mista uføre i fjor vår, medan dei over 65 framleis fekk rabatt.

Det vil seie at både alderspensjonistar og uføretrygda no får billegare billettar, som kan kjøpast både på nett, mobil og på bussen.

Endringa kjem etter tette samtalar med Pensjonistforbundet, Norges Blindeforbund, Handikapforbundet og Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon.

– Vi har heile tida vore opptekne av likebehandling. Som den største ekspressbussaktøren i Noreg, tek vi vårt samfunnsansvar på alvor, og lyttar til desse organisasjonane, seier administrerande direktør i Nettbuss, Ståle Nistov.

Blindeforbundet nøgde

Sjåførane i selskapet var mot fjerninga av honnørrabatten, og sjøfarne er svært glade for at rabatten no kjem tilbake.

Endringane skaper stor glede i organisasjonane som kjempa for dei.

– På vegner av medlemmane våre, er vi svært nøgde med avgjerda, seier Sverre Fuglerud i Blindeforbundet.

Rabatten gjeld for alle over 67 år med honnørkort frå NAV, og for alle uføretrygda. Fuglerud seier dei kan leve med at dei mellom 65 og 67 år ikkje lenger vil få den rabatten dei har hatt ei stund.

– Det er uproblematisk, sidan pensjonsalderen i Noreg er 67 år. Når uføretrygda igjen får honnørrabatt, er dette ei endring vi støttar fullt ut.

Vil gje honnør til Nettbuss for honnørrabatt

Fylkesleiar Jostein Midtbø i Pensjonistforbundet var svært skuffa våren 2013. I dag er det berre jubel.

– Vi var irriterte den gongen, men når det no har kome på plass att, tykkjer vi det er veldig positivt.

– Dette viser vel at det er mogleg å fortelje folk at dei bør snu?

– Det gjer det. Det er ofte vi opplever at det ikkje hjelper så mykje, men her har det tydelegvis hjelpt. Vi vil gje honnør til nettbuss som har teke signala på alvor.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå