Hopp til innhold

No ventar nye utfordringar for vinnarane

HERMANSVERK (NRK): Dei kunne sleppe jubelen laus for eit knappast mogleg fleirtal for å selje Fjord1 til konkurrenten Torghatten. Men no kan det vente lange prosessar med rettssaker og lovlegkontroll.

Sigerherrane

GODT NØGDE: Fylkesrådmann Tore Eriksen, fylkesordførar Jenny Følling (Sp), Frank Willy Djuvik (Frp) og Aleksander Øren Heen (Sp) vann fram med sine syn i fylkestinget måndag.

Foto: Bård Siem / NRK

Måndag kveld vart det klart at 16 av representantane i fylkestinget gjekk inn for å selje fylkeskommunen sin aksjepost i Fjord1. Dei 15 andre ville anten leggje heile saka på is, eller utsetje handsaminga av saka.

Men sjølv om alt no ligg til rette for at Torghatten skal overta 59 prosent av aksjane i Fjord1, så vil prosessen med eit sal ta lang tid.

Saka går til departementet

Under handsaminga i fylkestinget gjorde Arbeidarpartiet det klart at dei vil krevje såkalla lovlegkontroll av vedtaket.

Det vil i praksis seie at Kommunal- og regionaldepartementet må vurdere om sakshandsaminga har vore innanfor lovverket, og om vedtaket om sal til Torghatten er gyldig eller ikkje.

– Vi vil krevje lovlegkontroll på vedtaket, sa Hilmar Høl (Ap), og Åshild Kjelsnes (Ap) følgde opp med å slå fast at det er sakshandsaminga dei ikkje er nøgde med.

Sigurd Reksnes på fylkestinget

VINNAR OG TAPARAR: Sigurd Reksnes (Sp) kunne glise, medan Senea Sabanovic (Ap) og Torbjørn Vereide (Ap) måtte innsjå at det blei sal av Fjord1 til Torghatten.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vil ta saka til retten

Men det er utanfor fylkestingssalen på Hermansverk at den verkelege striden om fleirtalsvedtaket vil stå. Selskapet Havilafjord, som alt eig 41 prosent av Fjord1-aksjane, ville gjerne vere dei som fekk kjøpe, og meiner at dei har forkjøpsrett.

Nestor i Havila-gruppa, Per Sævik, seier dei ikkje har gitt opp kampen om Fjord1-aksjane.

Per Sævik

VARSLAR RETTSSAK: Per Sævik, dagleg leiar i Havila, som eig 41 prosent av Fjord1-aksjane, seier dei vil kjempe for å få nytte seg av forkjøpsretten av den resterande aksjeposten.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Vi annonsert lenge at vi vil teste saka i retten og det blir arenaen no. Vi meiner at måten fylkeskommunen har unngått vår forkjøpsrett på ikkje er grei, seier Sævik til NRK rett etter at vedtaket vart kjent.

Fylkesordførar, Jenny Følling, er likevel ikkje uroa.

– Vi har fått fleire utgreiingar på forkjøpsretten frå advokatar som òg har praktisert i Høgsterett, så vi er rimeleg trygge på det, seier ho.

– Svært skuffa

Under debatten om Fjord1-saka var det lett å sjå skilnaden på dei som var nøgde med at Fjord1 no blir seld til Torghatten, og dei med stikk motsett syn.

– Eg er svært skuffa, og vonar at dette ikkje blir eit vedtak som ein må gå tilbake på seinare, sa Bjørn Hollevik (H).

Han blei ståande att på nei-sida i ei kløyvd fylkestingsgruppe. No fryktar han at prosessen vidare vil ta lang tid.

– Vi må vere merksame på at Konkurransetilsynet også nok vil ha sitt å seie om at Fjord1 no blir seld til Torghatten, slo Hollevik fast.