Hopp til innhold

No toppar influensaepidemien seg

FØRDE (NRK): Legekontor over heile landet har no stor pågang frå folk som har fått influensa. Lege Øysten Furnes meiner folk kan gjere mykje sjølv for å unngå å bli sjuk.

Kommunelege Øystein Furnes

GÅR OPP OG NED: Det varierer kor hardt influensaen råkar, men i år kom den veldig tidleg, fortel kommunelege Øystein Furnes.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er altfor få folk som vaksinerer seg. Vi burde i alle fall ha fire gonger så mange vaksinasjonar som det vi har. Det seier kommuneoverlege i Førde Øystein Furnes.

Influensasesongen byrja tidleg i år, og no nærmar toppen seg . Furnes fortel at dei særleg har merka stor pågang etter jul.

– No er vi inne i ei tid der vi er mykje inne, og folk er mykje i lag. Då smittar vi kvarandra lett, og resultatet blir fort at influensaen spreier seg raskt.

Effektive vaksinar

Kommuneoverlegen seier at influensavaksinane er særleg effektive i år, og han skulle gjerne sett at fleire tok initiativ og nytta seg av dei.

– Det har nok mykje å gjere med at ein kanskje ikkje tenkjer over det, også er det vel ein del som er skeptiske til vaksinar generelt. Mitt klare råd er uansett å kome seg til eit legekontor og få vaksinert seg. Det byrjar å bli seint for denne sesongen, men det er framleis lurt å gjere det.

Influensavaksine

MEINER FOR FÅ VAKSINERER SEG: Kommunelege Øystein Furnes meiner at langt fleire burde vaksinere seg mot influensa.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Viktig å vakse hendene

Om ein ikkje har fått vaksinert seg er det uansett mykje anna ein kan gjere for å unngå å bli influensasjuk.

– Det aller viktigaste er heilt klart å vaske hendene godt og ofte. Og så må ein hugse å hoste i olbogen, slik at ein ikkje spreier basseluskar rundt omkring.

Sjølv om mange no får influensa, seier legen at det også er mange som trur at dei har influensa, utan at dei har det.

– Det er fort gjort å blade influensa med eit sterk forkjøling. Når ein har influensa får ein stort sett ikkje problem med luftvegane, ein blir ikkje tett i nasen. Dei fleste som får influensa er likevel ikkje i tvil, for du blir ganske sjuk, seier Furnes.

Utbrot i heile landet

Folkehelseinstituttet overvakar influensautbrot i heile landet, og publiserer vekerapportar om influensatilstanden kvar veke.

I førre veke fekk over 3 prosent av alle som gjekk til legen her i landet, ein influensadiagnose i følgje folkehelseinstituttet.

– Overvakinga frå veke 52 syner at førekomsten av influensasjukdom i befolkningen auker, og årets utbrudd er i gong i hele landet. tal på sjukehusinnleggingar aukar også, skriv dei i den siste vekerapporten.