Hopp til innhold

Uroa i verdsøkonomien kan truge arbeidsplassar i industrien

Aluminiumsprisen har på kort tid falle frå 2800 til 2200 dollar per tonn. Det kan få dramatiske følgjer for verka i Høyanger, Årdal og Sunndalsøra.

Hydro Aluminium i Årdal

KUTTAR: Ved aluminiumsverket i Årdal vil ein no kutte deler av produksjonen for å tilpasse seg marknadssituasjonen.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

På Sunndalsøra har Hydro alt varsla permitteringar, og i Årdal set ein i gong kutt i produksjonen.

Fabrikksjef ved Hydro Aluminium i Høyanger, Egil Fredriksen, seier han aldri tidlegare har sett utsiktene snu så raskt som no.

Sterkt prisfall

– Vi har jo sett kva som har skjedd rundt i Europa. Men vi er nok overraska over at smellen kom såpass brått på no. Vi må berre stålsetje oss for ein tøff vinter, seier Fredriksen til NRK.

I sommar leverte Hydro sterke tal for første halvår. Konsernsjef Svein Richard Brandzæg trudde framleis på høgare etterspørsel etter det lette metallet.

Men den økonomiske uroa i Europa har berre auka i styrke, og aluminiumsprisen har falle frå 2800 dollar tonnet på topp til om lag 2200 dollar per tonn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Egil Fredriksen

TØFFE TIDER: Fabrikksjef ved Hydro i Høyanger, Egil Fredriksen, meiner at ein må stålsetja seg for ein tøff vinter.

Foto: Heidi Lise Bakke/NRK

Kuttar i produksjonen

– Med så låge prisar, så byrjar vi no å nærme oss eit punkt der vi ikkje tener pengar. No er det 2200, så vi har litt å gå på enda, men det er eit kraftig prisfall det som har skjedd no på ein månad, meiner fabrikksjefen.

I Årdal blir det no gjennomført mindre kutt i produksjonen, men førebels utan permitteringar.

– Tilbakemeldinga frå tillitsvaldapparatet i Hydro er at store kundar ventar med å gjere større bestillingar. Litt spent er det for tida, seier leiar for Årdal Kjemiske Arbeidarforeining, Bjørn Øvstetun.

Må justere

Informasjonsdirektør i Hydro, Halvor Molland, seier store kostnadskutt har gjort konsernet mindre sårbart enn under finanskrisa.

Men etterspurnaden etter råaluminium og ferdige produkt rår ikkje konsernet med.

– På kort sikt vil det seie at vi må justere kapasiteten i forhold til etterspurnad, men det er framleis for tidleg å seie noko om kva som vil kunne skje, meiner Molland.