No startar innspelinga – og du kan vere med

Vikøyri blir åstad i ei stor, norsk filminnspeling i månadane framover.

Tester ut til innspelinga av tunnelen

NY FILM: Filmen skal skildre ein brann i tunnel sett både frå redningsmannskap og bilistane si side.

Foto: Håvard Heggen / NRK

For neste veke startar innspelinga av ein ny spenningsfilm som skal skildre ein brann i tunnel sett både frå redningsmannskap og bilistane si side.

– Vi kan ikkje røpe skodespelarar enno, men vi kan røpe at vi skal spele inn i Vik. Utover det har vi ikkje bestemt oss for kvar vi legg resten av produksjonen, seier produksjonsleiar Nick Helgesen i Nordisk Film.

Dei som står bak filmen skal bruke lokale skodespelarar, og lokalt næringsliv får oppdrag i samband med filmen.

– Vi hentar mykje lokale statistar og arbeidskraft. Det gjer vi fordi vi spelar inn på små stader, og vi har ikkje moglegheit til å ta med oss eit stort crew frå Oslo. Difor hentar vi inn entreprenørtenester frå lokalt næringsliv i tillegg til lokale skodespelarar.

Treng statistar

Tester ut til innspelinga av filmen tunnelen

VIL IKKJE SKREMME: Neste veke byrjar innspelinga av «Tunnelen».

Foto: Håvard Heggen / NRK

Det er Pål Øie som skal regissere filmen. Tidlegare har han laga mellom anna Villmark, Villmark 2 og Skjult, og er godt i gang med filmen om Nikolai Astrup. Han har tidlegare sagt at Tunnelen ikkje er ein katastrofefilm, men heller ein dramathriller.

Sjølve hendinga går føre seg i ein vinterstorm på høgfjellet, der familiar på veg heim til jul blir fanga i ein katastrofal tunnelbrann.

Scenekunstnar Oda Alisøy Søvig frå Florø har ansvar for å skaffe statistar til filmen. Noko også Firdaposten har skrive om. No vil ho ha kontakt med folk i alle aldrar.

– Vi er på jakt etter alle, men det er litt manko på dei i sin «beste alder», dei på 40 pluss, fortel ho.

Gler seg til å vise fram fylket

Og om du har tunnelskrekk og ikkje ser for deg å bli filma der, er det andre moglegheiter.

– Alle skal ikkje vere i tunnel. Kanskje du er i bil, eller på kafe, for vi skal også prøve å skape omgjevnadane rundt. Det er mange forskjellige oppgåver vi treng folk til.

Innspelinga skal skje fleire stader i Sogn og Fjordane. Ho ønskjer no kontakt med dei som har lyst å vere med på filminnspeling.

– Du du treng ikkje vere skodespelar, men må vere tilgjengeleg på dagtid kvardagar når innspelinga går føre seg. No gler vi oss til å få vist fram både dei fine folka og det fine fylket vårt, seier ho.