Hopp til innhold

No startar finrekninga

Tre entreprenørar kjempar om å få byggje det nye Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde.

Sogn og Fjordane kunstmuseum

FRÅ MEIERI TIL KUNST: Slik blir det nye kunstmuseet på Meieritomta i Førde.

Foto: Skisse utlånt frå Sogn og Fjordane fylkeskommune

Det er klart etter at anbodsfristen gjekk ut klokka 12 torsdag.

Dei tre tilbydarane er NCC Constructions, Harald Kapstad. og Åsen & Øvrelid.

Føreslår ulike løysingar

Bygg- og eigedomssjef Jan Tore Rosenlund i fylkeskommunen som står som byggherre, seier han håpar å ha innstilling klar i løpet av 14 dagar. Men først skal alle dokument vuderast, og tal reknast på.

– Dei tre har levert inn ulike alternativ og med ulik byggjeframdrift. Vi vil no gå gjennom materialet og vudere anboda, seier Rosenlund.

Gjennomføringsevne, kvalitet og ulike byggløysingar vil vere blant kriteria når anboda blir vurderte.

Fire etasjar med kunst

Museet som skal byggjast på Meieritomta i Førde skal vere på 3000 kvadratmeter fordelt på fire etasjar over eksisterande parkeringsskjellar.

Artikkelen held fram.

Meieritomta i Førde.

SETT FRÅ LYSKRYSSET: Kunstmuseet sett frå drosjesentralen i Førde.

Rosenslund har førebels ikkje fått gått anboda i djupna, og kan ikkje seie noko om kva pris entreprenørane tilbyr.

– Men vi strevar etter å etterleve vinnarutkaste frå arkitektkonkurransen, seier bygg- og eigedomssjefen.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum blir eit spleiselag mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Førde kommune og staten.

Forventa byggjestart er sommaren 2011.