Hopp til innhold

No startar den beintøffe månaden

Etter tre kampar på rad utan tap, står Sogndal framfor ein månad med tre av fire kampar på bortebane.

Ole Jørgen Halvorsen passerer Markus Henriksen

TRE UTAN TAP: Sogndal har spelt tre kampar på rad utan tap. I kveld ventar Haugesund på bortebane.

Foto: Rune Fossum

Allereie onsdag kveld ventar Haugesund på bortebane for Sogndal.

– På papiret er det ein av dei vanskelegaste bortekampane. Men vi er godt førebudde, og vi skal gjere det som skal til for å stikke kjeppar i hjula for dei, seier assistenttrenar Terje Skjeldestad.

Sogndal startar med dette laget:

Kenneth Udjus, Mats Solheim, Vegard Gjermundstad, Isak Scheel, Per Egil Flo, Eivind Daniel Røed, Henrik Furebotn, Eirik Bakke, Ole Jørgen Halvorsen, Ulrik Flo og Cato Hansen.

Innbyttarar: Joe Bendik, Thomas Ness, Espen Næss Lund, Tore Andrè Flo, Ørjan Hopen, Espen Olsen og Gustav Valsvik.

FØLG KAMPEN FRÅ KLOKKA 18.00

Spelar utan Elvis, Hovland og Kader

Sogndal må klare seg utan Even Hovland, Ahyee Aye Elvis og Barry Kader mot Haugesund. Det kan bli ein tøff start på den avgjerande månaden:

På rad og rekkje ventar kampar på bortebane mot Haugesund, Vålerenga og Lillestrøm - berre med heimekampen mot Start på Fosshaugane.

– Det er litt som også andre klubbar har det på skadefronten. Nokre spelarar kjem tilbake etter skade, andre får litt problem, seier Skjeldestad.

– Men vi har ein bra stall, så vi får nytte oss av det, seier han.

- Må vere kompakte defensivt

Sogndal har sidan 1995 berre møtt Haugesund to gongar på bortebane i eliteserien. Begge har enda med tap.

LES OGSÅ:

Men Sogndal har resepten klar:

– Vi må vere kompakte defensivt, då Haugesund har to av dei beste spissane i divisjonen. Må vi spele litt som då vi møtte dei i Sogndal, seier Skjeldestad.