Olden skule stakk av med sigen i klassequizfinalen i fjordfylket i fjor. No er det klart for ei ny runde, og 99 tiandeklassingar skal knive om årets gjeve tittel.
– Eg gler meg veldig. Eg er sikker på at eg får det kjekt, og at tiandeklassingane eg skal møte får det endå kjekkare, seier NRK-reporter Geir Bjarte Hjetland.
Finalen sett av 850.000
Allereie onsdag startar han på turneen rundt til dei mange påmelde skulane i Sogn og Fjordane.
Nær 450 skular landet rundt kjempar i år om den gjeve tittelen «Norges smartaste tiandeklassingar» i NRK sin Klassequiz. I Sogn og Fjordane er det 33 påmelde klassar, først ut er Fjaler ungdomsskule.
Alle klassequizane blir å høyre på radio på NRK Sogn og Fjordane sine morgonsendingar og ettermiddagssendingar på P1.
– Det er altså 33 tiandeklassar som skal vere med, der kvar klasse er representert av tre elevar. Så det er mange ungdomar som skal testast, seier Hjetland.
Klassequizen startar med innleiande rundar der klassane kvar for seg får svare på spørsmål. Dei beste klassane møter kvarandre til slutt i ein fylkesfinale, der den beste til slutt får æra av å representere Sogn og Fjordane i landsfinalen.
Landsfinalen i Klassequizen 2016 blir sendt i beste sendetid på NRK1, laurdag 14. mai, rett før finalen i Eurovision Song Contest. I fjor vart Klassequiz-finalen sett av rundt 850.000 sjåarar.
Kan ikkje røpe noko
Og for dei unge lovande som håpar quiz-generalen kan røpe litt om kva spørsmål han skal stille, vel, det kan han ikkje.
– Eg har faktisk ikkje sett spørsmåla enno, og får dei først i dag. Men det er tema om alt frå musikk, til politikk, samfunnsliv, naturfag, og generelt alle fag dei har på skulen. Rett og slett allmennkunnskap, seier Hjetland.
Det er fjerde året på rad at NRK arrangerer Klassequizen. Dei beste laga frå Sogn og Fjordane har til no ikkje nådd heilt opp i landsfinalane, det håpar Hjetland at det skal bli ei forandring på.
– Det er små marginar, og eg er trygg på at vi skal klare oss veldig bra i år. Kunnskapen er bra blant tiandeklassingane, seier quiz-sjefen som om to dagar set seg i bilen for å besøke den første tiandeklassen.
- Les også: