Hopp til innhold

No står titals rådhus tomme

Få dagar etter nyttår står allereie kommunehus over heile landet heilt eller nesten tomme. Det som har vore blant dei viktigaste arbeidsplassane i små bygdesamfunn, er vekke.

Rom på kommunehuset på Jølster

TOMT: På kommunehuset på Skei i Jølster er det no tomt.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er klart at for eit lite bygdesamfunn betyr desse arbeidsplassane mykje. Vi mister kring 30 arbeidsplassar over natta, og det er ganske dramatisk, seier nyleg avtroppande ordførar i Gaular kommune, Mathias Råheim (H).

Han er ikkje lenger ordførar, og Gaular er ikkje lenger ein kommune. I den vesle kommunen har kommunehuset på Sande vore ein av dei viktigaste arbeidsplassane i tiår. No er det slutt, og dei aller fleste tilsette har fått jobb på rådhuset i Førde.

Frå 1. januar går vi frå 426 til 356 kommunar her i landet, og ein av dei første konsekvensane syner seg allereie.

På det gamle kommunehuset i Gaular kjem det til å sitje fire personar som skal drive eit servicetorg, ein stad innbyggjarane kan kome for å få hjelp.

Dei tilsette på kommunehusa i nye Sunnfjord vart rådførte før det vart bestemt kor dei skulle sitje, og eit klart fleirtal ønskte å sitje på rådhuset i Førde. Der blir det no tilført rundt 60 nye arbeidsplassar frå kommunane Naustdal, Gaular og Jølster.

Det same skjer no mange andre stader.

Når Granvin og Voss no er ein kommune, blir alle dei 30 tilsette i Granvin flytta til Voss. Og også mange andre stader i landet står no rådhus og kommuehus heilt eller nesten tomme. Til saman fører kommunereforma til ei stor sentralisering av kommunale arbeidsplassar frå mindre til større kommunar.

– Eg trur nok det er ei naturleg utvikling at vi får større einingar. Til dømes vil ei barnevernsteneste som består av fem personar, vere mykje mindre sårbar enn ei som berre består av ein person, seier kommunalminister Monica Mæland (H).

Ho peikar òg på at det er Senterpartiet som styrer i mange av kommunane der arbeidsplassane no blir sentraliserte i eitt rådhus.

– Det er veldig spesielt at denne kritikken kjem frå Senterpartiet, medan dei sjølve var med å besteme korleis fordelinga av arbeidsplassar skulle vere til dømes i Sunnfjord. Det er ikkje regjeringa som bestemmer dette, men kommunane sjølve, seier Mæland.

Monica Mæland

NATURLEG UTVIKLING: Kommunalminister Monica Mæland tykkjer at det er ei naturleg utvikling at kommunen ønskjer seg større einingar og større arbeidsmiljø samla på ein stad.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Senterpartiet refsar sentraliseringa

Men Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner denne flyttinga av arbeidsplassar syner at kommunereforma berre er ei sentraliseringsreform.

– Vi vil ta heile Noreg i bruk, og då er det viktig med ei breidde av arbeidsplassar. Privat næringsliv er viktig på mange mindre stader, men også dei kommunale arbeidsplassar er viktige for mange mindre bygdesamfunn, seier Vedum.

Og Trygve Slagsvold Vedum vil ikkje ta på seg delar av ansvaret for sentraliseringa av kommunalt tilsette.

– Nei, heile kommunereforma legg opp til denne sentraliseringa. Inntektssystemet legg press på kommunane til å gjennomføre ei slik indre sentralisering. Då må regjeringa vere ærlege om det, og ikkje springe frå ansvaret sitt, seier Vedum.

Men denne forklaringa går ikkje kommunalministeren med på.

– Det er ingenting med inntektssystemet som legg opp til ei slik sentralisering. Dette vel kommunane sjølve, og mange kommunar har gjort det på ein annan måte enn Sunnfjord, seier kommunalministeren.

9ymt8t16f7c

KRITISK: Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum er kritisk til at kommunereforma har ført til ei stor sentralisering av arbeidsplassar.

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

Avtroppande ordførar i Gaular, Mathias Råheim, trur heile bygda vil merke det når kommunehuset forsvinn. Han trur kanskje folkerøystinga om samanslåing i kommunen hadde fått eit anna resultat om innbyggjarane hadde skjønt kor mange arbeidsplassar som kom til å forsvinne.

I folkerøystinga i Gaular var det nemleg eit knapt fleirtal for ei samanslåing med naboane.

– Ja, eg trur nok kanskje det kunne ha vippa det andre vegen, samstundes får vi jo tru at folk har skjønt at noko slikt kunne skje, seier Råheim.

Mathias Råheim, ordførar i Gaular

BETYR MYKJE: Tidlegare ordførar i Gaular, Mathias Råheim, seier at det betyr veldig mykje for lokalsamfunnet at dei no mister 30 arbeidsplassar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK