NRK Meny
Normal

No snakkar dei også nynorsk i Andeby

– Det er utruleg kjekt at det no kjem eit Donald Duck-hefte dedikert til nynorsk, jublar Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Donald Duck på nynorsk

NYNORSK: Donald Duck er no å finne på nynorsk i bladhyllene.

Foto: Skjermdump

Det er ikkje første gang, men eit Donald Duck-hefte på nynorsk er eit heller uvanleg syn i bladhyllene.

Eit eige Donald Duck-hefte på nynorsk har ikkje vore laga sidan 80-talet. Siste året har det kome bokmålshistorier med nokre nynorskinnslag.

– Vi håpar med dette at det ikkje går 30 år til neste gong det kjem nynorsk i Donald, men at nynorsken kan finne ein plass i Donald, slik den har elles i samfunnet, seier Marit Aakre Tennø i ei pressemelding.

Starta kampanje

Marit Aakre Tennø

GLAD: Marit Aakre Tennø er over seg av begeistring etter at Donald Duck og dei populære figurane i teikneserien også snakkar nynorsk.

Foto: Noregs Mållag

Tennø og Noregs Mållag, der ho er leiar, starta for eitt år sidan ein Facebook-kampanje med ynskje om nynorsk i Donald. Bakgrunnen var at ein av karakterane i det populære teikneserieheftet snakka nynorsk i ei historie.

Over 2 000 personar likte sida. Organisasjonen følgde opp med eit stort engasjement for å få meir nynorsk i bladet.

– Det finst nesten ikkje teikneseriar på nynorsk for ungar. Donald Duck er eit svært populært blad og at dei no gjev ut to nynorske historier i same hefte, gjer det mogeleg for norske ungar å få lesa litt meir nynorsk, rosar mållagsleiaren.

Nynorskløft

Det nye heftet "Les nynorsk med Donald" inneheld den kjende historia Eggemysteriet, der firkantfolket snakkar Vossamål, pluss to seriar berre på nynorsk, skrivne av Olaf Solstrand.

Han skriv til vanleg nynorsk, og har for fyrste gong fått lov å få sine eigne seriar på trykk på nynorsk i bladet.

I tillegg har bladet ein artikkel av språkprofessor Rolf Theil og Kjartan Helleve, redaktør i Norsk Tidend, avisa til Noregs Mållag.

– Donald Duck-utgjevar Egmont skriv i føreordet til bladet at dette gjer dei for å syna kor interessant det er med våre to målformer. Det fortener all heider og er meir enn vi kunne håpa på då vi starta kampanjen, seier Tennø.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.