Hopp til innhold

No skulle du ønske du stod på ski!

Puddersnø så langt auge kan sjå og heftige stunt på ski og brett. Her kan du nyte dei fem beste puplikumsvideoane frå Fjellsportfestivalen.

Frå filmen "This is my life: Hakkan Borlin" som vart kåra til beste publikumsvideo

VINNARFILM: 'This is my life: Hakkan Borlin', syner ein ung skikøyrar som har via livet sitt til å køyre ski.

Foto: Bård Basberg & Magnus Davidsen

– Det var eit utruleg høgt nivå! Vi er veldig imponerte over kva folk har fått til på berre nokre dagar, seier jurymedlem Håvard Nesbø i Fjellsportfestivalen.

Han er over seg av begeistring over videoane som deltakarane på festivalen har laga denne veka. Med stupbratte fjell rundt Sogndal som kulissar kan filmane bli eit viktig bidrag til å marknadsføre området som ein skidestinasjon.

– Vårt mål var å trigge folk til å lage skifilmar. Dette har så utruleg stor påverkingskraft ute blant folk, seier Nesbø.

Og etter at du har sett filmane, så vil det truleg krible litt i beina. Under kan du sjå dei fem beste filmane. Førsteplassen vart premiert med 10 000 kroner, medan andre og tredjeplassen fekk premiar verdt 3500 kroner levert av Fjellsportfestivalen sine samarbeidspartnarar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frå beste publikumsvideo under Fjellsportfestivalen 2012
Foto: Bård Basberg & Magnus Davidsen

1. plass: «This is my life: Hakkan Borlin»

  • Foto: Bård Basberg & Magnus Davidsen
  • Skodespelar og skikøyrer: Henning Skjetne
  • Innspelt i Sogndal, Sogndalsdalen og Luster Februar 2012 –

Denne filmen imponerte oss. Den er filmatisk bra, og er på nivå med ein profesjonell skifilm i forhold til klypp og slike ting. Så dette var berre veldig, veldig bra, seier Nesbø og legg til:

– Dei har skapt ei historie på to minutt, og synt at det er masse talent både framfor og bak kamera, seier Nesbø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndal folkehøgskule sitt bidrag til publikumsvideo under Fjellsportfestivalen
Foto: Sogndal folkehøgskule

2. plass: «Hvorfor er vi her?»

  • Laga av Sogndal folkehøgskule

– Her ser vi ein kreativ og ny vri på filminga. Dei hadde også ei veldig bra filmatisering, bra kunstnarisk innhald, seier Nesbø.

– Dei brukte også ein foto og filmteknikk som vi vart imponert over.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jibbefilm laga av Hodlekve Newschool
Foto: Hodlekve Newschool

3. plass: av Hodlekve Newschool

  • Med Torgrim Aanestad, Magnus Krogstad med fleire.

– Dette er ein rein «jibbefilm». Det vil seie ein film der dei gjer triks på til dømes rekkverk, og andre element i nærmiljøet. Dette presenterer dei på ein veldig god måte, og dei er veldig kreative i bruk av element, seier Nesbø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frå fjerde beste publikumsvideo under Fjellsportfestivalen
Foto: Tarjei B Aasen/Joar Frækaland/Vegard Byrkjeland Aasen

4. plass: (utan namn)

  • Laga av Tarjei B Aasen, Joar Frækaland, Vegard Byrkjeland Aasen

– Dette er ein gjeng med unge gutar som har lagt ned ein kjempeinnsats. Dei har spelt inn ein film rundt Heggemyrane skisenter ved Hafslo. Dei viser masse skiglede, seier Nesbø.

– Her har dei også kledd seg ut som festivalsjef Knut Myking, og filmen har eit ganske bra humoristisk snitt, smiler Nesbø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frå publikumsfilmen "Jalla Krut" på Fjellsportfestivalen
Foto: Kjetil Russenes, Kristoffer Hansen, Christian Parkstad og Erlend Vindenes

5. plass: Jalla Krut

  • Av og med: Kjetil Russenes, Kristoffer Hansen, Christian Parkstad og Erlend Vindenes

– Filmen syner god skikøyring. Det er god stemning rundt Sogndalsdalen og Hodlekve. Det syner ganske enkelt og greitt kor bra og lett ein kan gjere det, seier Nesbø.

– Her får vi skogskøyring som syner kor fint vi har det her, seier Nesbø stolt.

Nesbø legg vekt på at ein ikkje treng å vere proffe filmskaparar for å lage film i flott norsk Sognenatur. Han seier dei med filmkonkurransen håpar å freiste folk til å lage fleire skifilmar, og at dei som ser filmane får augo opp for den fantastiske skitilhøva i fjella her.

– Dette var første gong vi hadde ein slik filmkonkurranse, og det blir nok fleire.