Hopp til innhold

Får ein halv million til å gje vikinghistoria til folket

Eid får 466 000 kroner frå Riksantikvaren til formidling av vikinghistoria i kommunen. – No får vi løfta fram desse funna slik som dei fortener, seier ordførar Alfred Bjørlo (V).

Rundehojen i Eid

RUNDEHOJEN: Ein av dei to gravhaugane i Nordfjordeid sentrum er Rundehojen.

Foto: Pressefoto

Kommunen er rik på vikingfunn og kan mellom anna skilte med funn av landets største vikingskip.

Midlane dei no får går til formidling og tilrettelegging for publikum knytt til gravhaugane på Myklebust i Nordfjordeid sentrum.

– Dette betyr at vi kjem i gang med noko vi lenge har ynskt i Eid. Nemleg å få til eit skikkeleg informasjonssopplegg knytt til den spesielle vikinghistoria i Nordfjordeid sentrum, seier ordførar Alfred Bjørlo (V).

To gravhaugar

Garden Myklebust var eit maktsenter på Vestlandet på 7-800-talet, og gravfunna på Myklebust er av dei rikaste i Noreg. Den eine gravhaugen, Rundehojen, vart graven ut i 1874 og inneheldt det nemnde Myklebustskipet.

Riksantikvar Jørn Holme, flankert av Janne Endal Andersson (t.v.) og Alfred Bjørlo.

LØYVDE: Riksantikvar Jørn Holme, her flankert av servicemedarbeidar Janne Endal Andersson (t.v.) i Eid og ordførar Alfred Bjørlo (V) gir nær ein halv million kroner til formidling av den rike vikinghistoria i Eid.

Foto: Pressefoto

Den andre gravhaugen, Skjoratippen, vart utgjeven i 1902/03 og inneheld minst seks graver frå 700-talet fram til 900-talet. Begge gravhaugane er bevart og ligg i dag midt i Nordfjordeid sentrum.

– No kan vi setje i gang med å få dette skikkeleg merka fysisk i terrenget, digital informasjon og lage eit skikkeleg opplegg for å løfte fram desse funna som dei fortener å bli, seier Bjørlo.

Opplevingssenter

Kommunen jobbar saman med fylkeskulturavdelinga. Løyvinga vil mellom anna bli brukt til ei kulturminneløype med fokus på vikingtida og tidleg mellomalder.

Kommunen har også planar om Sagastadsenteret, som er eit opplevingssenter for Myklebustfunna.

– Allereie denne sommaren kjem vi til å arrangere dei første sagastadsvandringar og vikingvandringar i Eid. Til neste år håpar vi å ha på plass kulturminneløypa, og på lenger sikt sagastadssenteret for å verkeleg få vist fram breidda og alt som er av funn knytt til skipet og gravhaugane, seier Bjørlo.