NRK Meny
Normal

No skal sunnfjordingar få brød frå Knarvik

Frå 1. juni kan det ta dobbelt så lang tid før kundane til Coop i Askvoll får ferske brød.

Northug-brød

FRÅ NAUSTDAL TIL NORTHUG: Dette er eit av brøda som sunnfjordingar kan kjøpe i butikkane frå 1. juni.

Foto: Eivind Aabakken / NRK Trøndelag

– På grunn av logistikk, så kan vi ikkje ha to leverandørar der og då blir det brød frå Gomannbakeriet i Knarvik, seier administrerande direktør i Coop Vest, Geir Espe.

Butikkjeda har vore i hardt vêr siste tida, etter at det vart klart at dei gjer endringar i avtalen med Naustdal dampbakeri. Det lokale bakeriet i Førde har levert ferske bakevarer til heile Sunnfjord, delar av Sogn og Nordfjord i mange år.

– Det er eit kjent og nært merke for oss, og dei har levert eit utval eg sjølv har sett pris på, seier ordførar i Askvoll, Frida Melvær.

Smilande Frida Melvær

TRUFAST KUNDE: ASkvollordførar Frida Melvær vil sakne brød og bakevarer frå Naustdal dampbakeri i framtida. - Dei leverer også bakverk og anna som eg veit mange bestiller og set pris på.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dei som no får brød frå Knarvik er mellom anna butikkane i Askvoll, Dale, Brekke og Høyanger. Ifølgje Naustdal dampbakeri sjølve så mistar dei halvparten av sin produksjon når Coop gjer endringar i avtalen.

– Det er synd at ein ikkje brukar tilbod som er i Sogn og Fjordane, og ein burde ta vare på lokale leverandørar, utdjupar Melvær.

Sorg for nokre glede for andre

Medan brøda og bakevarene som blir levert til Coop sin butikk i Askvoll sentrum i dag brukar kring ein og ein halv time frå bakeriet, vil det frå 1. juni ta kring tre timar når varene skal fraktast frå Knarvik. I Gloppen vil kundane framleis frå lokalt brød frå den lokale bakaren Vereide bakeri, medan kundane på Coop sine butikkar i Sogn får brød levert frå Vik dampbakeri.

Geir Espe

BUTIKKAR: Naustdal dampbakeri skal framleis levere brød og bakevarer til Coop sine butikkar i Førde, naustdal og Florø, understrekar administrerande direktør Geir Espe.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Dagleg leiar ved bakeriet i Vik, Georg Sjøthun hadde ikkje høve til å snakke med NRK, men har til eit intervju i bakeri.net sagt at avtalen som er gjort med Coop kan få positive ringverknadar.

– Vi vil doble omsetnaden og eg reknar med at det vil bli behov for meir arbeidskraft.

Vik dampbakeri blir leigd inn av Goman, som er Coop sitt eige bakeri. Fram til no har Sogn og Fjordane vore delvis utan brød frå Goman, og eit mål om å få fleire av desse produkta inn i heile fylket er noko av bakgrunnen for avtaleendringane.

– Grunnen til at nokre får frå Knarvik er logistikkostnadar for alle partar, seier Espe.