No skal sportsfiskarar få jakte denne store fisken

Regjeringa opnar no for at ivrige fritidsfiskarar kan melde seg på og bli med på fisket etter den gigantiske tunfisken makrellstørje.

Makrellstørje i oppdrettsnota - K. Strømmen lakseoppdrett Bremanger

MEGAFISK: Tunfiskarten makrellstørje fanga ved eit oppdrettsanlegg. No blir kvoten for fisket tredobla.

Foto: K. Strømmen Lakseoppdrett AS

Kvoten for størjefisket i Noreg blir no tredobla fram mot 2020. Det blir også mogleg for sportsfiskarar å fange, merke og sleppe ut att dei ettertrakta fiskane.

Men først og fremst er det fiskerinæringa som skal få nyte godt av den utvida jakta på fisken som kan bli opp til 700 kilo tung.

– Vi opnar no for at heile åtte båtar kan delta i makrellstørjefiske ti 2019. Det gir god verdiskaping og er veldig gode nyheiter for eit fiske som historisk har vore stort i Noreg, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik i ei pressemelding.

Frå 2020 er kvoten auka til 300 tonn tunfisk i norske farvatn, eitt av desse tonna kan kven som helst vere med å fiske, vel å merke dersom ein vinn loddtrekninga. Berre fire fiskelag slepp gjennom nålauget.

– Ved å opne for at sportsfiskarar kan fange, merke og sleppe ut att, får vi verdifull kunnskap om makrellstørja, seier Nesvik.