NRK Meny
Normal

No skal Sindre (32) til EM

I løpet av ein konkurranse kan Sindre Hoff klive opp på fleire fjelltoppar. No ligg viksdølen i hardtrening før EM i Sveits i februar.

Sindre Hoff

TIL EM: Sindre Hoff er blant seks norske utøvarar som i februar reiser til Sveits på EM i randonee.

Foto: Randoneeforbundet

Du har kanskje høyrt namnet Sindre Hoff før? Sunnfjordingen har prøvd seg i både friidrett, motbakkeløp og langrenn.

Dei siste to åra har han lagt sin elsk på randonee. Då Randoneeforbundet torsdag offentleggjorde EM-uttaket var Hoff ein av fire karar på lista.

– Eg er veldig spent, vedgår 32-åringen.

Kan gå 2000 høgdemeter

Etter nokre år i Bergen har sunnfjordingen vendt snuten heimover. I tillegg til jobben som tømrar er han kretstrenar i langrenn. Mest mogleg tid brukar han i ei fjellside med snø.

For som i andre sportar må ein øve på det ein skal bli god på. I ein randoneekonkurranse tek utøvarane seg fortast mogleg opp ei merka løype i fjellsida, før dei renn ned att.

– Ein går gjerne fleire fjell i slengen i ein konkurransen, og det er typisk 1500–2000 høgdemeter totalt, fortel Hoff.

Sindre Hoff

FORT OPP OG NED: Sindre Hoff likar seg aller best i ei snørik fjellside. Så ofte som mogleg spenner han skia på beina for å trene i fjellet.

Foto: Randoneeforbdunet

– Utruleg moro

EM går i Sveits i starten av februar neste år. Hoff skal delta i begge konkurransane, sprint og individuell. Den individuelle konkurransen er den klassiske randonee-konkurransen der utøvarane tek seg opp på fleire fjell og renn ned att fortast mogleg, medan sprintkonkurransen er litt annleis.

– Det liknar på mange vis på ein langrennssprint. Det er kortare distansar, der vi går kanskje 70–100 høgdemeter opp. Vi konkurrerer i heat, og det er om å gjere å ta seg vidare til finalen, forklarar Hoff.

Randonee er fransk og betyr «gå på tur». Sporten er godt etablert og populær i Europa. I Norge er randonee førebels ein relativt liten sport, og det er ikkje noko Hoff ser det an til å tene seg rik på.

– Men det er utruleg moro, og det er det viktigaste. Det er ein veldig artig idrett, der du både må vere uthalden, men også meistre det å kome seg fortast mogleg ned att frå eit fjell, seier han.

– På mange måtar er det ein mykje meir komplett idrett enn langrenn og friidrett.

– Betre enn på VM

EM i februar er ikkje den første store meisterskapen for Hoff. I januar var han med på VM i randonee, og plasserte seg om lag midt på resultatlistene. Målet er å forbetre resultatet.

– Målet er å gjere det betre enn i VM. Men nivået er veldig tøft. Eg håpar eg kan hevde meg blant dei norske, det blir ofte litt interne duellar på laget, seier Hoff.

Sogn og Fjordane har også ein kvinneleg utøvar i Norge sin EM- tropp. Malene Blikken Haukøy blir av mange skildra som Noregs aller beste kvinnelege randoneeutøvar.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser