NRK Meny
Normal

No er Ronny klar for å dele ut Luttprisen

No har publikum røysta og fagjuryen jobbar no med å kåre vinnarane. Laurdag kan du sjå heile showet med utdelinga av Lutt-prisen direkte i nett-TV.

NRK presenterer nye satsinger i høstprogrammet.

LEIAR SHOWET: Ronny Brede Aase kjem heim til Førde for å leie LUTT-showet komande laurdag.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Luttprisen er delt ut kvart år sidan 2006 og vert no delt ut for 12. gong. Prisen er eit kunstdiplom av Oddvar Torsheim samt eit stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest.

Prisen skal delast ut under den store musikkfesten som vert arrangert 20. januar på Larris Scene i Førde. Der er både musikarar, arrangørar, musikkbransje og ikkje minst publikum invitert.

Vi sender heile showet direkte på nett, medan det blir vist eit redigert program på NRK2 søndag ettermiddag.

På sjølve prisshowet kjem mellom anna Sigrid Moldestad, Kjartan Laurtizen, Vilde & Anna, Elida Høgalmen og Andrea Santiago innom for å framføre låtar. Dei har vore nokre av dei mest profilerte artistane frå fylket det siste året. Programleiar er Ronny Brede Aase. Fleire artistar til prisutdelinga vert annonsert seinare.

NRK presenterer nye satsinger i høstprogrammet.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Nye Lutt-prisar

Noko av det nye i år er at det blir delt ut fleire ulike Luttprisar. I tillegg til årets artist frå Sogn og Fjordane, blir det også delt ut pris til årets talent og ein "Vi har trua"-pris.. Musikkfesten er eit samarbeid mellom BRAK som arrangerer Blest, NRK Sogn og Fjordane med Luttprisen og Larris Scene på Scandic Sunnfjord Hotell og Spa. I tillegg er Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane for første gong saman om å støtte opp økonomisk om ein slik musikkfest.

Meir om dei nominerte:

Erlend Apneseth

Erlend Apneseth.

Foto: Rune Fossum / NRK

Erlend Apneseth
Musikaren frå Jølster er ein av dei beste i landet på hardingfele, han skapar nye og unike tonar og imponerer alle som måtte høyre spelet hans. Saman med trioen sin fekk han i år eit dryss av gode terningkast for det sine to album "Nattsongar" og "Åra." Mellom anna har Aftenposten gjeve han toppkarakter. Nominert til to spellemansprisar.

Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad.

Foto: Øystein Haara

Sigrid Moldestad
Moldestad gav i haust ut albumet "Vere Her," og har fått rosande omtaler for det. Musikk for både hjarte og hjerne skreiv Aftenposten og gav ho terningkast fem. Ho har også spelt ei rekkje konsertar, og har solgt ut fleire av konsertane no før jul.

Kjartan Lauritzen

Kjartan Lauritzen.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Kjartan Lauritzen
2017 har vore eit fantstisk år for musikaren frå Balestrand som eigentleg heiter Per Aki Sigurdson Kvikne. Han har fått spele på nokon av dei største feistivalane i landet, og har i haust solgt ut store arenaer i våre største byar. Han var også nominert til to av tre prisar under P3-Gull. Låtane hans er totalt streama millionar av gonger. Nominert til ein Spellemann.

Silo frå Bremanger
Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd / NRK

Silo
Dei unge bluesartistane i gruppa Silo frå Bremanger har opplevd mykje etter at de vann talentkonkurransen til bluesfestivalen på Notodden. I år har dei også kome ut med sitt første album og fekk strålande mottaking. Med ei rekke spennande konsertar mellom anna på Svalbard har bandet fått vist seg fram for eit stort publikum i år. Akkurat no representerer dei Norge i ein av verdas største blueskonkurransar i USA.

Andrea Santiago Stønjum

Andrea Santiago Stønjum.

Foto: TV2

Andrea Santiago Stønjum
Den 16 år gamle jenta frå Måløy gjore det sterkt under TV2 sin konkurranse The Voice i haust. Det vart finaleplass, og til slutt enda ho på ein solid 2.plass. Både mentorar, publikum og TV-sjåarar gav ho uhemma skryt for hennar framføringar.

Oselie Henden

Oselie Henden.

Foto: NRK

Oselie
Fjorten år gamle Oselie Henden vann i haust finalen i MGP Jr. Det var i år 1255 innsende bidrag til talentkonkurransen. Oselie kjem frå Nordfjordeid og dermed har kommunen vunne den gjeve konkurransen to år på rad. Ho har sjølv skrive den aktuelle songen sin "Verda Vår."

Ketil Thorbjørnsen spelar live i Lutt

Ketil Thorbjørnsen.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Ketil Thorbjørnsen
Musikaren Ketil Thorbjørnsen frå Høyanger og Årdal gav i år ut sitt nye album "Vi Treng Trøyst." Han lagar musikk og tekst sjølv, og er ein musikar med tydlege meingar. Han har i løpet av året gjort ei rekke store og mindre konsertar. Han var også nominert til Fylkeskulturprisen i år.

Steinar Karlsen

Steinar Karlsen.

Foto: David Zadig / NRK

Steinar Karlsen
Gitaristen frå Eikefjord har hatt eit svært hektisk år både som soloartist, og som musiker og låtskrivar i Good Time Charlie, bluesbandet som gav ut sitt 10. album i vår. Steinar Karlsen er ein spennande gitarist som mange framstormande artistar nyttar, både på scene og i studio. Karlsen har gitt ut fem soloalbum dei siste seks åra. Nominert til Spellemann med bandet.

Månevenn

Månevenn.

Foto: Pressefoto

Månevenn
Denne gjengen frå Sunnfjord gav i haust ut si tredje plate. Musikken lagar dei sjølvsagt sjølv, og dei har gjort mange konsertar rundt om i Sogn og Fjordane. Songane vert framført på klingande dialekt og dei meiner at det er naturleg at plata heiter "Midt i Alt," sidan dei alle er midt i 40-årskrisa.

Sjur Kristian Gimmestad

SJUR.

Foto: Marcus Valeur

SJUR
Sjur Gimmestad frå Sandane har berre gjeve ut nokre få låtar, men har derimot fått stor suksess. Han er streama millionar av gonger. Låta "Let Me Love You" er lytta til 67 millionar gonger berre på Spotify. SJUR har også gjort fleire konsertar, mellom anna på det store musikktreffet Vill Vill Vest i Bergen. Han har også fått prisar for jobben som produsentjobben han gjer både på sine og andre sine låtar.

Anna Naustdal og Vilde Hjelle vant MGPjr 2016

Vilde & Anna.

Foto: Terje Pedersen, Scanpix

Vilde & Anna
I fjor vann Vilde og Anna frå Nordfjordeid finalen i Mgp Jr. Heilt sidan den gongen har dei spelt ei rekkje store og mindre konsertar. Dei fekk også vere med på juleturneen til Mgp Jr og på eit av dei mest sette TV-programma i fjor, "Kvelden før Kvelden." I sommar fekk dei også stå på scena framfor 10.000 på Malakoff Rockfestival i heimbygda. I haust gav Vilde og Anna også ut to låtar som alt er mykje lytta til.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote