Hopp til innhold

No skal lokalradioen ut på valturné

Morgon- og ettermiddagssendingane til NRK Sogn og Fjordane skal i vekene før valet køyre fylket på kryss og tvers.

Stian Sjursen Takle og Tone Merete Lillesvangstu

FRÅ HEILE FYLKET: I løpet av valkampen skal det sendast radio frå alle kommunane i Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

Denne veka startar valkampdekninga i NRK med partileiardebatt frå Arendalsuka måndag kveld. For NRK Sogn og Fjordane si valdekning starta planlegginga i vinter, fortel redaksjonssjef Linda Olin Reite.

– Det vi har lagt vekt på er at vi skal vere til stades i heile Sogn og Fjordane. Vi skal kome tett på folk, og vi skal bringe vidare det dei er opptekne av. Vi skal òg gjere lyttarane våre betre kjende med dei som stiller til val, både i kommunane og i fylket, seier Reite.

I løpet av dei neste vekene sender NRK Sogn og Fjordane radiosendingar frå alle kommunane i fylket. Den første sendinga er om morgonen 20. august frå Askvoll.

– Vi er opptekne av å få snakke med folk i dei kommunane om kva saker som er viktige for dei.

Utspørjing av listetoppar

I tillegg til radiosendingane frå kommunane skal også dei ti listetoppane til valet i Vestland fylkeskommune spørjast ut i dagsendingane kvar måndag, onsdag og fredag frå 16. august til 6. september. Først ut er Marthe Hammer frå SV.

– Dette skal vi gjere i samarbeid med NRK Hordaland, for dette er kandidatar som stiller til val i nye Vestland fylke, seier Reite.

"Vision of the fjords" er endeleg i rutetrafikk.

FOLKEMØTE: 29. august sender vi direkte på NRK1 frå eit folkemøte om bord på Vision of the Fjords.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

29. august samarbeider vi med NRK1 om eit folkemøte om bord på Vision of the Fjords i Flåm. Sendinga skal ha klima som tema.

– Det er spesielt to sider ved klima vi er opptekne av. Det eine er utslepp frå landbruk og det andre er utslepp frå reiselivet.

På sjølve valkvelden 9. september sender vi både på nett-tv og radio. Her vil reporterar vere inne direkte frå fleire stadar i fylket.