No skal laksenæringa bli meir miljøvenleg

FLORA (NRK): Med ny batteriteknologi ynskjer Kristoffer Karstensen (20) å redusere CO₂-utslepp på lakseoppdrettsanlegget. Likevel meiner Bellona det går for sakte.

Kristoffer Karstensen

UNG LAKSEOPPDRETTAR: Kristoffer Karstensen (20) har ambisjonar om meir miljøvennleg drift på anlegget.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Han har valt seg ein arbeidsplass midt på fjorden. Næringa han satsar på har blitt kalla miljøfiendtleg. 20-åringen testar no ut ein heilt ny batteriteknologi, som vil gje ei grøn framtid for lakseoppdrettsanlegget utanfor Florø.

Kristoffer Karstensen

BYTTA TIL BATTERI: Kristoffer Karstensen (20) har valt ei langt meir miljøvennleg løysning på sitt lakseoppdrettsanlegg.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Etter å ha investert i batteri kan anlegget gå på rein energi, der det tidlegare gjekk på diesel, forklarar Karstensen.

Miljømål fram mot 2030

Rådgjevar i Sjømat Noreg, Trude Nordli, deler Karstensen sin visjon om ei grønare framtid.

– Havbruksnæringa er veldig opptatt av klimautslepp. Med våre bidrag kan vi vere med å utgjere ein stor og viktig andel av å kutte CO₂-utsleppa, seier ho.

Trude Nordli

KUTTAR CO₂-UTSLEPP: Rådgjevar i Sjømat Noreg, Trude Nordli, har ambisjonar om ei grønare framtid for havbruksnæringa.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Sjømatnæringa legg stor vekt på berekraft i sine framtidsplanar. Ifølge Sjømat Noreg skal laks vere Noregs viktigaste bidrag til å nå FNs berekraftsmål. Målet er å doble matproduksjon og redusere miljøavtrykk fram mot 2030.

– Det er viktig at vi i sjømatnæringa tek dette på alvor. Vi har ein tett dialog med miljøorganisasjonar, fortel Nordli.

Ynskjer effektive tiltak

Seniorrådgjevar i Bellona, Anders Karlsson-Drangsholt, er meir kritisk til situasjonen. Han meiner elektrifiseringa av oppdrettsanlegga går for seint og at tiltaka til næringa elles er for dårlege.

– Lakseoppdrett er spådd sterk vekst dei neste tiåra. Utan effektive tiltak vil CO₂-utsleppa også auke. For å vere rigga for framtida må næringa kutte utslepp der det er mogleg, oppfordrar han.

Lakseoppdrett

HAVBRUKSNÆRING: Kraftig vekst i lakseoppdrett vil skape større behov for kutt i CO₂-utslepp.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Det er nokre aktørar som jobbar ganske hardt for dette, men totalt sett meiner eg at næringa ikkje gjer nok når det gjeld klimaavtrykk, seier seniorrådgjevaren.

Han nemner eit døme på dette. Mange eksporterer ein stor del av fisken med fly til Asia og Nord-Amerika.

– Det er absolutt eit potensial for at oppdrettsnæringa kan senke klimaavtrykket til laks, meiner Karlsson-Drangsholt. Han legg til at ein må ha konkrete planar for å oppnå dette.

– Vi har framleis ein veg å gå

– Det er viktig med eit godt rykte, for vi gjer det eigentleg veldig bra, meiner Karstensen, som håpar batteriteknologien vil gje eit langt meir positivt omdømme til havbruksnæringa.

Heile oppdrettsnæringa prøvar no å finne ut korleis dei kan kutte CO₂-utsleppa sine så mykje som mogleg i framtida.

– Eg meiner vi er miljøvennlege, men vi har framleis ein veg å gå. Vi produserer god mat, men framover må det skje på ein endå meir miljøvennleg måte, avsluttar Karstensen.