Hopp til innhold

No skal huset til filosofen flyttast

SKJOLDEN (NRK): I det vesle huset på Skjolden sat den filosofen Ludwig Wittgenstein og tenkte store tankar. No skal huset hans setjast tilbake dit det stod, bit for bit.

Wittgeinstein-huset på Skjolden

ORIGINALT TREVERK: Det er nesten 60 år sidan desse veggane har sett dagslys. I 1958 vart huset flytta og ombygd, og fekk blant anna ny kledning utanpå dei originale veggane.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Arbeidet med å flytta Wittgensteinhuset på Skjolden tilbake til der det opphavleg sto, er i gang. Håpet er at det i løpet av 2018 skal sjå ut slik det gjorde då den kjende filosofen Ludwig Wittgenstein budde der for 100 år sidan.

– Det vil bli eit monument når huset er tilbake på den originale tomta, seier Harald Vatne, nestleiar i Wittgenstein-stiftinga.

Flytta og ombygd på 50-talet

Ludwig Wittgenstein, østerriksk filosof

STORE TANKAR:Filosofen Ludwig Wittgenstein (1889 - 1951)

Foto: Pressens Bild (190) / NTB scanpix

Austerrikske Ludwig Wittgenstein (1889 – 1951) blir av mange rekna for å vera ein av dei viktigaste filosofane på 1900-talet. I lange periodar mellom 1913 og 1950 oppheldt han seg i Luster, i ei hytte høgt over Eidsvatnet. På Skjolden arbeidde han med to av sine mest kjende filosofiske verk.

På 1950-talet vart huset flytta, ombygd og har fram til no vore brukt som eit fritidshus i privat eige. Men i vår fekk Wittgenstein-stiftinga ein million kroner av både Luster Sparebank og Fylkeskulturutvalet, slik at dei kunne gå i gang med prosjekt flytting og restaurering.

Huset til Wittgenstein i dag

FØR DEMONTERINGA: Slik har huset sett ut dei siste 60 åra.

Foto: Agnese Bremere / NRK

– Det vil vera eit besøksmål når huset er tilbake der det stod. Det er mange rundt om kring i verda som ser fram til at huset kjem opp att, slik at dei får eit innblikk i korleis Wittgenstein levde på Skjolden.

Vanskeleg tilkomst

Wittgenstein-tomta på Skjolden

OPP DIT: Avsidesliggande til over Eidsvatnet stod huset til den kjende filosofen. No skal det tilbake.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Den originale tomta ligg bratt til oppe i fjellsida over Eidsvatnet. Grunnmuren står der endå, og er ifølgje tømrar Ole Martin Bakken, som har fått ansvaret for å demontera og byggja opp att huset, i bra stand.

Wittgenstein hus i Skjolden

DEN GONG DÅ: Huset til Ludwig Wittgenstein då det stod på sinn opphavlege plassering.

– Det er interessant arbeid og ein veldig spesiell og utfordrande jobb. Men me er godt i gang, seier Bakken.

Når huset er demontert, skal materialane fraktast opp med helikopter. Einaste tilkomst til tomta er ein bratt sti.

Harald Vatne og Ole Martin Bakken i Wittgenstein-huset på Skjolden

INSPISERER: Harald Vatne (t.v.) og Ole Martin Bakken.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

No er den kvite kledningen og isolasjonen frå ombygginga fjerna. Det same er alt inne i huset som ikkje var originalt. Neste veke startar arbeidet med å demontera det som skal setjast opp att i bakken der Wittgenstein tenkte sine store tankar.

– Me må nok bruka litt nye materialar. Men det er veldig god kvalitet på tømmeret, så det er ikkje så mykje skade på det originale treverket, seier Bakken.

Video 09f98a05-f184-4c36-946d-393bb336ca7e.png

GRUNNMUREN STÅR: Grunnmuren til huset står der endå, og skal brukast på nytt.

Foto: Nyhetsspiller

Målet er at huset skal vera bygd oppatt i løpet av 2018, dersom stiftinga får på plass pengane som manglar. I vår vart det sagt at prosjektet har ei kostnadsråme på om lag sju millionar kroner.