Hopp til innhold

No skal hurtigbåt-framtida avgjerast

FLORØ/SOGNDAL (NRK): No skal Sogn og Fjordane fylkeskommune bestemma seg for om dei vil redusera utslepp frå hurtigbåtane. I dag står båtane for nesten halvparten av dei totale utsleppa i fylket.

Tilda Solberg (t.v.) og Elida Solberg

OVERRASKA: Tilda Solberg og Elida Solberg synest utsleppa frå hurtigbåtane er store.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er ganske mykje, seier Tilda Solberg frå Sogndal, når ho høyrer kor mykje CO₂ hurtigbåtane i Sogn og Fjordane slepp ut.

Det noverande hurtigrutetilbodet står nemleg for nesten halvparten av dei totale utsleppa frå kollektivtransporten i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

I dag skal fylkesutvalet starte diskusjonen om kor miljøvennlege hurtigbåtane skal vere framover.

– Det er viktig at båtane blir meir miljøvenlege, dei går jo ganske ofte. Det vil gjera ein skilnad, seier Solberg.

Hurtigbåt forureinar meir enn fly

Meir klimavenlege båtar er noko av det siste politikarane i Sogn og Fjordane skal avgjera før dei går inn i nye Vestland fylke.

Forsking frå Transportøkonomisk Institutt viser at hurtigbåtar slepp ut 900 gram CO₂ per passasjerkilometer (ekstern lenke). Det tyder at éin passasjer på hurtigbåt slepp ut over fire gonger så mykje CO₂ per kilometer som ein flypassasjer.

Miljøpartiet Dei Grøne sin fylkesordførarkandidat, Stein Malkenes meiner det vil bli konsekvensar dersom politikarane no ikkje stiller krav:

– Utsleppa vil halda fram. I tillegg får ikkje dei aktørane som skal tilby og driva teknologiutvikling sjanse til å stå på og gjennomføra utviklingsprosessane like hurtig og konkret som dei ville gjort om det var krav om det.

Stein Malkenes

MÅ STILLA KRAV: Miljøpartiet Dei Grøne sin fylkesordførarkandidat, Stein Malkenes, meiner politikarane må stilla krav til forhandlingane som no startar.

Foto: Idunn Lavik / NRK

Mål om reduserte utslepp

Regional transportplan vedtek å redusera klimagassutslepp med 30 prosent i neste avtaleperiode. Neste periode startar 1. mai 2022 og varar til 2032.

– Når me snakkar om hurtigbåtar som ein del av transportsystemet er målet alt for dårleg. Eg reknar med dei meiner 30 prosent målt opp mot det som fungerer i dag. Det er nesten litt pinleg, seier Malkenes.

Leiar i samferdselsutvalet i fylkeskommunen, Noralv Distad har klare krav som skal stillast i anbodet.

– To ting må ein ha klart føre seg. Det er reduserte utslepp, samstundes som ein må leggja til rette for å sikra tilbodet.

Distad fortel at rutene som går i dag vil bli lyst ut. Deretter vil dei ta i bruk nullutslepp og lågutslepp så langt det er økonomisk- og teknisk mogleg.

– Eg trur det for tidleg å seia kor mykje ein kan oppnå. Det er teke høgde for at det blir sett av pengar, slik at ein kan dekka auka kostnadar og få ned utslepp, seier Distad.

Kine Nystuen

YNSKJER REDUKSJON: Kine Nystuen synest det er viktig å stilla krav om reduksjon i CO₂-utslepp.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Me må få klimautsleppa ned

– Eg synest det er viktig å stilla krav om reduksjon i utslepp. Me må få klimautsleppa ned, seier Kine Nystuen frå Foldal.

Nystuen fortel at det freistar meir å nytta seg av båttilbodet om det hadde vore klimavenleg.

– Dersom båtane hadde vore meir miljøvenlege ville eg hatt betre samvit for å bruka dei. Eg har jo lyst å hjelpa til med miljøet.