Hopp til innhold

No skal ho avgjere om Vestlandet blir namnet

OSLO (NRK): Den bitre namnestriden på Vestlandet rullar vidare, men no er det tidlegare bergenspolitikar Monica Mæland som har fått ansvaret.

fylkesordførarar hos kommunalminister Monica Mæland

PÅ BESØK: Dei fire fylkesordførarane var på besøk hos kommunalminister Monica Mæland i dag. Frå venstre: Marianne Chesak, Monica Mæland, Jon Aasen, Anne Gine Hestetun og Jenny Følling.

Foto: Perniliie Emilie Solås / NRK

I dag kom dei fire fylkesordførarane i vest på besøk til den nye kommunalministeren, to av dei vil ha Vestlandet som namn, medan to vil ha omkamp.

– I utgangspunktet har eg stor respekt for det lokale sjølvstyret, seier den ferske kommunalministeren Monica Mæland (H).

Bakgrunnen er at Hordaland og Sogn og Fjordane har bestemt at dei vil kalle det nye storfylket sitt for «Vestlandet». Nabofylka i nord og sør har protestert høglydt.

I dag var alle fire kalla inn til eit møte hos Mæland, for å få fram synspunkta sine.

– No skal eg gå igjennom dei ulike synspunkta, og i løpet av våren skal eg levere mi innstilling til Stortinget, seier statsråden.

Ho har fått med seg at debatten vekker kjensler, men tykkjer likevel stemninga var grei på møtet.

– Det er klart det kom fram sprikande meiningar, men eg synst ikkje dei krangla. Som byrådsleiar i Bergen har eg vore med på verre enn dette, seier Mæland.

– Fleirtal vil bu utanfor «Vestlandet»

Fylkesvaraordførar Marianne Chesak i Rogaland legg ikkje skjul på at ho håpar at kommunalministeren snur vedtaket til dei to naboane.

– No ligg det an til at 53 prosent av vestlendingar vil bu utanfor «Vestlandet», då er det ingen løyndom at vi håpar dei landar på eit anna namn, seier Chesak.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane tykkjer derimot at dei har valt eit godt namn.

– «Vestlandet» er eit bra namn, som godt skildrar området vi bur i og som det nye fylket skal dekke, seier Følling.

– Tykkjer det er merkeleg

Fylkesordførar i Møre og Romsdal Jon Aasen (Ap) seier at han ikkje fekk noko inntrykk av kva den nye kommunalministeren meiner om saka.

Jon Aasen
Foto: Trond Vestre / NRK

Dette er ei vanskeleg sak, og eg fekk ikkje inntrykk av kor statsråden står. Det er ikkje godt å seie kor ho landar, seier Aasen.

Medan nokre legg stor vekt på at fylkespolitikarane i Hordaland og Sogn og Fjordane har sagt sitt, understrekar Aasen at det er Stortinget som har det siste ordet.

Det er stortinget som bestemmer, og eg veit at mange på Stortinget som tykkjer vedtaket er merkeleg.