Hopp til innhold

No skal han vakte buret for Sogndal

Sogndal Fotball og FK Fyllingsdalen er samde om ein overgang for keeper Stefan Hagerup.

Stefan Hagerup

PÅ PLASS: Stefan Hagerup var på plass i Sogndal allereie fredag.

Foto: Sogndal Fotball

Avtalen trer i kraft med det same, og partane er samde om ein avtale som strekkjer seg ut 2017, skriv sogndalfotball.no.

Årsaka til overgangen er at Mathias Dyngeland slit med skade, og at Christian Sukke er blitt diagnostisert med kyssesjuke.

Dermed er Sukke ute på ubestemt tid, og det er heilt uvisst om det vil ta veker eller månadar før han kan ta til att med noko form for fysisk aktivitet.

Glad for rask løysing

Hagerup var med då Fyllingsdalen slo Haugesund i cupen onsdag, men alt i fredag hadde han si første trening med Terje Skjeldestad på Sogndal.

– Eg har høyrt mykje bra om Terje, og har stor tru på at eg vil utvikle meg bra her i Sogndal, seier 21-åringen.

Sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo, er glad for at dei har klart å løyse keeperfloken så raskt.

– Vi er svært glade for at vi fekk til denne overgangen med Stefan, då vi kom i ein særs vanskeleg situasjon med både Sukke og Dyngeland ute av spel, seier Flo til nettsida.