NRK Meny
Normal

No skal han leie landslaget til suksess i OL

Roar Hjelmeset (38) tek over som ny kvinnelandslagstrenar i langrenn.

Roar Hjelmeset

NY SJEF: Roar Hjelmeset rykkjer opp frå jobben som assistenttrenar og tek over sjef for dei norske langrennskvinnene.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er noko med at ein skal vere ønskt, og det føler eg at eg er, seier Roar Hjelmeset.

38-åringen frå Gloppen vart tysdag presentert som ny kvinnelandslagstrenar under eit pressetreff på Sognefjellshytta. Hjelmeset er tilsett fram til over OL i 2018 i Pyeongchang.

Går inn i jobben med god sjølvtillit

Etter at Egil Kristiansen takka for seg som landslagstrenar, har Hjelmeset og skiforbundet vore i dialog om den ledige jobben. Til slutt valde glopparen å takke ja til å rykkje opp frå jobben som assistenttrenar.

– Mange av løparane eg har jobba i lag med dei siste fem åra, ønskte at eg skulle halde fram som hovudtrenar. Det var viktig for meg, forklarer Hjelmeset.

– Det hjelper også at støtteapparatet vil ha meg der. Det gjer sitt til at eg går inn i jobben med god sjølvtillit, seier han til NRK.

– Blir ikkje ein kjempeovergang

Landslagssjef Vidar Løfshus er nøgd med at Hjelmeset har skrive under ein toårskontrakt.

– Dette sikrar kontinuiteten til over OL i 2018. No har vi framleis ei ledig trenarstilling på kvinnesida. Målet er å ha endeleg trenarkabal klar i løpet av ein månads tid, seier han i ei pressemelding.

Roar Hjelmeset har etter at han la opp som løpar i 2005 jobba som trenar på Hovden skigymnas, juniorlandslaget, U23- og rekruttlandslaget – før han vart assistenttrenar for kvinnelandslaget.

– Eg ser fram til dette, men trur ikkje det blir ein kjempeovergang. Eg har vore trenar for mange av løparane på dagens kvinnelag sidan 2008, seier Hjelmeset.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.