Hopp til innhold

No skal han kjempe mot dei aller beste

Gjøran Tefre (21) har alltid hatt ein draum om å få delta i verdscupen i langrenn. Til helga vert draumen oppfylt.

Gjøran Tefre etter 15 km fri teknikk på Beitostølen

NYE UTFORDRINGAR: No skal Gjøran Tefre frå Førde få bryne seg på dei tøffaste konkurrentane frå både inn- og utland.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

21-åringen frå Førde blir den første langrennsløparen frå Sogn og Fjordane i verdscupen etter at Roger Aa Djupvik og Oddbjørn Hjelmeset gav seg.

Det første steget på ei ny reise tek han til helga under verdscuprenna i Lillehammer. At han no får kjempe blant dei beste på internasjonalt nivå, er veldig viktig for han.

– Det betyr på ein måte alt. Det er det ein jobbar knallhardt for kvar einaste dag året rundt, seier Tefre.

– Det har alltid vore eit mål

Førdianaren har gjort det skarpt i fleire konkurransar og vore på toppnivået i Norge i lenger tid. No har han teke steget vidare, og er klar for å møte endå kvassare konkurranse.

– Det er eit bevis på at ein har heva seg over det nasjonale nivået. Det er den ypparste ligaen og dei tøffast skirenna ein kan gå i verda. Det er mange som alltid seier at målet er å bli verdsmeister, men for meg har det alltid handla om å få lov til å debutere i verdscupen. Det er stort for meg å endeleg greie det, seier langrennsløparen.

Og når startskotet går er han så klar som han kan få blitt.

– Forma er veldig bra. Vi hadde ei tøff helg med renn førre helg, så eg var litt sliten etter den eitt par dagar, men eg har vore og trent i løypene i dag, så eg gler meg veldig.

Vil opp og fram

Laurdag blir det renn med skibyte, noko som betyr både klassisk og skøyting.

– Eg er nok heilt klart best til å skøyte, men har prioritert klassisk veldig mykje i treninga fram mot sesongen i år og har heilt klart løfta meg på det. Så eg ser eigentleg på meg sjølv om jamt god i begge deler, seier Tefre.

Og sjølv om målet hans var å komme seg til verdscupen betyr det ikkje at han ikkje har andre mål.

– Eg har ikkje tenkt å gi meg her. Eg har nådd det første delmålet, men så blir det å setje seg tøffare resultatmål i verdscupen og kanskje flytte målet mot ein meisterskap seinare, men det tek vi etter kvart.