Hopp til innhold

No skal golfbana bli sauebeite

Den einaste golfbana i Sogn kan snart vere historie. Grunneigaren treng området til sauebeite og vil ikkje lenger ha golfarar på garden sin.

Golfbana i Lærdal

KAN BLI VEKKE: Golfbana i Lærdal ligg på Ljøsne og har ein lang sesong. Bileta er teke i samband med reportasje om golfbana i 2014.

Foto: Jan Christian Jerving

– Det er synd. Bana ligg fantastisk til, og vi har ein veldig lang sesong der. Det seier ivrig golfar og ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.

Golfbana i Lærdal ligg på Ljøsne, like i nærleiken av ærverdige Rikheim gard. Området er heilt flatt og med veldig lite nedbør. Når golfbana no forsvinn, må sogningar som vil golfe reise til Hemsedal eller Jølster for å spele. Det likar ikkje Solheim.

– Når eg er på bana er det alltid folk der. Det regnar aldri på Ljøsne, og bana har ei nydeleg plassering ved Rikheim gard.

Tykkjer det er trist

Leiar i Lærdal golfklubb, Lorentz Petter Lassius, tykkjer det er synd at klubben mister golfbana.

– Det er jo alltid litt leit å miste eit område vi har brukt mykje. Vi har over der vi er no i over 15 år, og det er veldig gode forhold for å spele golf der, seier Lassius.

Ein av dei som var med på å starte golfklubben i Lærdal, Ingebrigt Gjerde, er svært lei seg over nedlegginga.

– Eg tykkjer det er sørgeleg. Golf er ein folkesport i Lærdal og i Sogn. Bana er veldig populær. Eg skulle nesten ønske at kommunen hadde kome på bana og sikra ei ordning. Det er veldig synd om vi må vekk.

Ingebrigt Wangensteen Gjerde

TRIST: Ingebrigt Gjerde tykkjer det er sørgjeleg at den flotte golfbana på Ljøsne blir lagt ned.

Foto: Jan Christian Jerving

Treng meir beite

Elisabet Rumohr eig garden og driv han i lag med mannen sin Frank Flatland. Ho seier at dei rett og slett treng meir beite.

– Vi vil satse på sau, og vi treng meir beite. Det er ikkje noko meir dramatikk i det, seier Rumohr.

Ho fortel at dei har gitt tydelege signal til golfklubben om at dei må finne seg ei ny plassering.

– Far min starta golfbana, men no har vi teke over. Vi ønskjer å satse som bønder. Vi har ei kontrakt ut 2019, den held vi oss til.