Hopp til innhold

No skal Førde bli ein ekte sykkelby

FØRDE (NRK): No kan folk få låne sykkel heilt gratis i Førde. Førde kommune har nemleg gått til innkjøp av 30 splitter nye syklar.

Sykkel utlån i Førde

TIL UTLÅN: No kan alle som vil, både innbyggjarar og besøkande, låne syklar av kommunen heilt gratis.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Dette vart markert utanfor rådhuset i Førde i dag, med eit arrangement i regi av Førde frivilligsentral, Førde kommune og Frisklivssentralen. For ein sykkelby må jo ha eigne syklar.

– Det er eit forsøk på å få folk til å sykle rundt i Førde sentrum i staden for å bruke bil. Kanskje spesielt for dei som brukar mykje bil her i sentrum, for dei kan faktisk sykle, seier Doris Rutledal i Frisklivssentralen.

Syklar til sykkelbyen

30 splitter nye dame- og herresyklar stod tysdag oppstilt på ei rekkje utanfor rådhuset i Førde. Og allereie denne dagen kunne folk låne syklane. Alt som måtte til var å fylle ut eit skjema med namn og nummer.

Elisabeth Dale og Sarah Vatne

FREMJA SYKKELGLEDE: Sjukepleiarstudentane Elisabeth Dale og Sarah Vatne serverte noko godt å bite i for å markere sykkeldagen.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Svele, vaflar, «sykkelsmoothie» og kaker var også å få i tillegg til ein sykkeltur. Sjukepleiarstudentane Elisabeth Dale og Sarah Vatne var blant dei som stod for serveringa.

– Vi har eit emne som heiter helsefremjande og førebyggande arbeid. No er vi i praksis og er med Førde frivilligsentral og hjelper dei å arrangere denne sykkeldagen, seier Dale.

Det er mange gode grunnar til å ha eit slikt tilbod, meiner dei.

– Førde har som mål å bli ein sykkelby og no kan folk endeleg få lov til å låne sykkel gratis, seier Dale.

– Og no kjem det bommar til Førde, og då er det veldig viktig å satse på sykkel, legg Vatne til.

– Ikkje dårlege bysyklar

Heidi Karin Ekerhaug i Førde kommune har sjølv fått testa syklane.

Sykkel utlån Førde

TAXISYKKEL: Sidsel Sørebø fraktar Heidi Karin Ekerhaug (til venstre) og Doris Rutledal i ein såkalla taxisykkel.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Det er kjempeviktig tiltak for folkehelsa, og det er viktig for at dei som ønskjer å sykle skal få moglegheit til det, seier ho.

Både ho og Rutledal i Frisklivssentralen håpar folk vil ta vare på syklane.

– Dette er ikkje dårlege bysyklar. Det er gode tursyklar, dei er dyre og spesialbestilt nettopp til Førde. Så vi håpar folk passar på dei, seier ho Rutledal.

Dei som ønskjer å låne sykkel på sommartid kan ta kontakt med Førde turistinformasjon. Elles på året vil syklane vere tilgjengelege på Frisklivssentralen, kanskje rådhuset, hotell og andre plassar som ønskjer å syklane ståande.