NRK Meny
Normal

No skal fire E16-tunnelar oppgraderast

Statens vegvesen går neste veke i gang med ei omfattande utbetring av fire tunnelar på E16 gjennom Sogn og Fjordane. Bilistar som skal mellom Aust- og Vestlandet må dermed bu seg på timevis med venting.

Gudvangatunnelen

SKAL OPPGRADERAST: Gudvangatunnelen er ein av fire tunnelar i Aurland kommune som no skal oppgraderast.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Dei fire tunnelane som skal oppgraderast er Gudvangatunnelen, Fretheim-, Onstad- og Flenjatunnelen som alle ligg i Aurland kommune. E16 gjennom Gudvangen er ein del av stamvegen mellom Oslo og Bergen, og er tungt trafikkert.

Tunneloppgraderinga i Sogn er ein del av arbeidet Vegvesenet gjer for å tilfredsstille nye og strengare EU-krav.

Arbeidet er både omfattande og tidkrevjande, noko trafikantane vil merke.

– Det vil bli ein del venting både på kvelds- og nattid, seier assisterande prosjektleiar for utbetringsprosjektet i Statens vegvesen, Sverre Måge.

Frå rasstenging til stenging for arbeid

Prosjektleiar Sverre Måge

TA KONTAKT: Sverre Måge i Vegvesenet ber trafikantane ta kontakt om informasjonen om stengingane i samband med arbeidet er for dårleg.

Foto: Ole Kristian Åset / Statens vegvesen

– Arbeidet tar til 1. august, og vil først gå føre seg i Gudvanga- og Fretheimtunnelen. Så skal Onstad- og Flenjatunnelen takast etter kvart, her begynner arbeidet i september eller oktober, seier Måge.

Tunnelstengingane på E16 nattetid startar dermed berre dagar etter at E16 er opna igjen i Gudvangen etter eit stort steinras. Stamvegen var då stengd i fleire dagar etter at steinar store som bilar smadra vegbana.

Måge seier det vidare oppryddingsarbeidet i Gudvangen ikkje vil ha betydning for det planlagde tunnelarbeidet.

Kan måtte vente i tre timar

Arbeidet i tunnelane vil gå føre seg på nattetid. Slik håpar Vegvesenet at det skal hefte trafikken minst mogleg. Likevel vil det føre til ein del venting.

Måge fortel at det kan bli opp til tre timar venting ved sprengingsdelen av arbeidet.

– Vi jobbar nattetid slik at det skal bli minst mogleg ventetid for bilistane, men det er klart at det vil bli litt. Mellom klokka 20 og klokka 23 på kveldane er ventetida avgrensa til ein time, men etter klokka 23 og fram til klokka 05.30 kan det bli opp mot tre timar venting.

– Vi vil halde publikum orientert undervegs i arbeidet, og gir beskjed på førehand ved lange stengingar, seier Måge.

Informasjon vil gitt både via media, på SMS-varsling og pressemeldingar.

Vil sleppe gjennom naudetatane

Utbetringsarbeidet som skal gjerast kjem altså som følgje av eit nytt EU-direktiv og er ikkje knytt til dei dramatiske tunnelbrannane i Gudvanga-tunnelen dei siste somrane.

Brannane har samtidig gjort tydeleg behovet for at naudetatane kjem seg raskt fram. Måge seier dei har vore og er i tett dialog med naudetatane i samband med stengingane.

– Dei er godt informert. Vi vil i det lengste sleppe dei gjennom så lenge det ikkje går på tryggleiken laus, seier prosjektleiaren.

Arbeidet i dei fire tunnelane skal vere ferdig seinast hausten 2018. Når arbeidet går føre seg vil trafikken bli sleppt gjennom med kolonnekøyring.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.