Hopp til innhold

Finnabotn er seld – no skal garden få nytt liv

Den siste eigarlause garden i Finnabotn i Vik kommune er no seld. Dei nye eigarane gler seg til å skape aktivitet på garden.

Finnabotn

SELD: Med nye eigarar av gardane i Finnabotn er det igjen håp om å få nytt liv inst i den vesle fjordarmen.

Foto: Aktiv Eiendomsmegling

Roald Øvreås frå Bjordal og Johan Tandberg har gått saman om å kjøpe gardsbygget. Tandberg har tidlegare kjøpt ein av dei to gardane i Finnabotn, medan dei no har kjøpt den andre i lag til i overkant av tre millionar kroner.

– At vi ikkje skulle kunne greie å få til noko på ein av verdas finaste stader, det er heilt umogleg. Difor har vi snakkast, han Johan og meg, og så får vi sjå om vi greier det, seier Øvreås.

Godt nøgde med kjøpet

Finnabotn er den minste av fjordarmane i Sognefjorden, men blir rekna som ein av dei mest spesielle. Høge fjell stuper rett ned mot fjorden, og heile området ligg i det attraktive Stølsheimen landskapsvernområde.

I fleire år har gardane vore utan liv. I 2007 kjøpte Johan Tandberg den eine garden til litt over tre millionar kroner, og først no har den andre garden også blitt kjøpt, til kring same pris. Det er ein pris kjøparane er godt nøgde med.

– Vi har vel 50–60 senger, eit moderne restaurantkjøkken, nye bustader og rundt 30.000 mål med rådyrjakt og fossefall. Tre millionar koner er vel det du må betale for ei leilegheit på 80 kvadratmeter på Sagene i Oslo utan tomt og med knapt nok ein liten veranda. Så vi synest det er ein fin pris, og gler oss over det, seier Tandberg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Finnabotn

PERLE: Ein må ha båt for å kome seg til veglause Finnabotn. Det er ein del av sjarmen, meiner eigarane.

Foto: Aktiv Eiendomsmegling

Vil bruke mykje tid her

Øvreås er frå Bjordal og bur i Ortnevik, ikkje så langt unna Finnabotn, medan Tandberg bur i Oslo. Men Tandberg trur ikkje den lange avstanden vil bli eit problem.

– Eg brukte to år på å pusse opp staden min, og då køyrde eg over fjellet annankvar helg frå Oslo. Vi brukte 2000 arbeidstimar der inne. Det har vore ein jobb, ja, men det er ein herleg jobb, for plassen kjem til å stå fram så flott, så det blir som å passe på barnet sitt, seier han.

Roald Øvreås

GLER SEG: Roald Øvreås har lenge hatt lyst til å gjere noko med Finnabotn. Som eigar har han no sjansen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Og Øvreås tvilar ikkje på at Tandberg vil ta sin del sjølv om han har lenger veg til Finnabotn.

– Vi må sjå uansett etter det og ha overoppsyn med det. Det er ein veglaus stad, så det krev sjølvsagt ein ekstra innsats på det eine og andre, seier han.

Skal drive utleige

Dei to karane har store planar for den gøymde perla, og skal i første omgang starte med oppussing.

– Vi skal oppgradere staden. Heile bygningsmassen skal målast kvit, og så skal vi leggje tak på dei bygga som treng det, og så skal vi slå graset og få staden til å stå fram som den perla den er, fortel Tandberg.

Planen er også å på ny skape aktivitet både i og utanfor husa på Finnabotn, sjølv

– Vi lurer på om vi skal ha dagleg drift i sommarmånadane, eller om vi berre skal leige ut til eventselskap som vi har hatt kontakt med i fleire år, og som eigentleg har venta på at denne moglegheita skal by seg for dei. Det blir utleige på veke- og helgebasis til eventselskap og andre arrangement i første omgang, og så får vi sjå på om vi skal ha dagleg drift i høgsesongen, seier Tandberg.

Vil nytte lokale ressursar

Finnabotn

PLASS TIL MANGE: På Finnabotn har dei 50–60 senger, som dei nye eigarane no håpar skal bli tekne i bruk.

Foto: Aktiv Eiendomsmegling

Og skulle det bli full drift om sommaren, skal ingenting bli gjort halvveges, slår Øvreås fast. Blant anna kan dei i så tilfelle love at det skal bli servert skikkeleg mat.

– Vi får no håpe at vi skal kunne tilby vettig kost for å seie det slik. Med dei rammevilkåra med så mykje mektig natur, krev det at det er oppegåande mat. Når folk skal kome dit og oppleve staden skal det ikkje berre vere 1-2-3-mat, seier Øvreås.

I den samanheng håpar han å kunne utnytte dei lokale ressursane best mogleg.

– Det er ikkje tvil om at vi har eit fortrinn med hjortekjøt i dette fylket vårt, og i Ortnevik er det jo eit kveiteoppdrett, og eg har veldig lyst å kunne ha ekte kveite på menyen.

Finnabotn

IDYLL: Dei to gardane i Finnabotn skal no pussast opp.

Foto: Aktiv Eiendomsmegling