Hopp til innhold

No skal ferja gå heile tida

No blir det 20-minuttsavgangar på Anda-Lote. Det er det semje om i Transportkomiteen på Stortinget.

Anda-Lote
Foto: Ottar Starheim / NRK

– Dette er ei sak som Venstre har jobba for, og som vi er svært glade for at dei andre borgarlege partia no støttar oss i. Det seier Sveinung Rotevatn som er Stortingsrepresentant for Venstre.

Semja i Transportkomiteen betyr at det blir 20-minuttsavgangar i neste anbodsperiode, det vil seie seinast frå 2017.

Sveinung Rotevatn i Venstre smiler lurt

LANG KAMP: – Dette har vore eit viktig krav ifrå mange i Sogn og Fjordane, seier Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V).

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

–Det har vore eit viktig krav ifrå mange i Sogn og Fjordane. Då vi for ei veke sidan la fram den borgarlege semja, sa vi at dei framleis var ting som måtte på plass. Dette var ein av dei, så vi er svært glade for å få det til.

Nøgd ordførar

I Eid er ordførar Alfred Bjørlo svært nøgd med avgjerda i Transportkomiteen.

– I praksis betyr 20-minuttsavgangar at no går ferja så ofte at folk kan kaste rutetabellen.

For utviklinga av Nordfjord som felles bu og arbeidsregion, betyr dette svært mykje seier Bjørlo.

– Ikkje minst blir reisetida gjennom fylket redusert med mellom fem og 10 minutt over natta når dette kjem på plass.

Tidlegare i haust kravde Stamvegutvalet for E39 i Sogn og Fjordane at det skal vere 20-minuttsavgangar på ferjesambanda langs heile E39. Dei meinte det naturlege starttidspunktet for innføring er 1. januar 2016, når dagens anbodsperiode for ferjesambandet går ut.

– Eit slikt krav har full støtte frå Nordfjordrådet, næringslivet i fylket og Helse Førde, sa Jenny Følling som er leiar for stamvegutvalet den gongen.

Bra for næringslivet

Ikkje minst er Bjørlo oppteken av kva hyppige ferjeavgangar vil få seie for næringslivet i regionen.

Alfred Bjørlo

VIKTIG FOR REGIONEN: – No kan folk kaste rutetabellen, seier ein Eid-ordførar, Alfred Bjørlo (V).

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Dette gir sikkerheit og stabilitet for at det ikkje blir nedbygging av – dagens E-39 trasé i midtre Nordfjord.

Forkjemparane for bru over Anda Lote trekte det kortaste strået i kampen om kvar E-39 skulle gå gjennom Nordfjord. Bjørlo ser likevel ikkje på dette som eit plaster på såret.

– Nei planane om ferjeavløysinga går vidare uavhengig av val av trasé. Poenget no er at dette er noko som tilhengarane av begge alternativa var samde om, å få på plass 20-minuttsavgangar som eit strakstiltak.

– Dette er noko vi har stått saman om i kommunane, i regionen og fylket, så eg er svært glad for at vi no har fått det på plass.