Hopp til innhold

No skal farlege turistbussar lukast ut

– Vi har sett fleire brannfarlege køyretøy som vi ikkje vi ha i norske tunnelar, seier Thormod Gausdal i Statens vegvesen.

Bussbrann i Gudvangatunnelen

UTBRENT: Slik såg turistbussen som tok fyr i Gudvangatunnelen ut.

Foto: Veum, Arne / NTB scanpix

– Etter tunnelbrannen i Gudvangatunellen for fire år sidan, har vi vorte meir opptekne av å sjekke om køyretøy er brannfarlege, seier seksjonsleiar for køyretøy i indre Hordaland og Sogn og Fjordane, Thormod Gausdal, i Statens vegvesen.

Han fortel at det har vore ein auke av utanlandske turbussar på norske vegar dei siste åra.

– Vi veit for lite om dei, seier Gausdal.

Utanlandske turbussar står høgt på lista når Vegvesenet er ute og kontrollerer om køyretøy er brannsikre nok til å køyre i tunnelar. I det siste har vi høyrt om fleire tunnelbrannar. Men det var brannen i eit vogntog i Gudvangatunellen i 2013 som gjorde at Vegvesenet byrja å utføre fleire kontrollar.

turbusser

SJEKK: Spanske, polske og litauiske turbussar er i fleirtal på norske vegar. Desse vert no sjekka ekstra nøye av Vegvesenet med tanke på brannfare i tunnelar.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Brannfarlege lekkasjar

– Vi sjekkar for olje- og kjøleveskelekasje og vi sjekkar reinhaldet av motorrom, for å luke ut dei køyretøya vi ikkje vil ha i norske tunnelar, seier Gausdal.

Han fortel at dei har sett fleire tilfelle av brannfarlege køyretøy på kontrollar den siste tida.

– Vi ser køyretøy med drivstofflekkasjar og tilgrisa motorar. Der er ikkje så mykje som skal til før det blir ein brann når brennbar veske møter høg temperatur, og så legg han til at slike køyretøy får køyreforbod inntil dei har gjort køyretøya meir brannsikre.

Sjekk motoren

Gausdal ber alle som har køyretøy om å sjekke at dei har ein rein motor og at det ikkje har olje- eller drivstofflekkasjar. Han seier dei gjer prøvar så godt dei kan å gjere det trygt å ferdast i tunnelar.

– Det er så trygt som vi kan gjere det. Og vi skal bidra som best vi kan med å luke ut dei køyretøya som ikkje bør vere i tunnelar, seier Gausdal.

vogntog

FULL FYR: Vogntoget som tok fyr i Guvangatunnelen i 2013 vart heilt utbrent.

Foto: NRK-tipsar