NRK Meny
Normal

No skal elevane lære frå teaterscena

Elevar i Sogn og Fjordane kan no bli vitne til autoritær og valdeleg undervisning – på teater.

Scene frå stykket Privattimen

INTENST: Reidun Melvær Berge som elev og Kyrre Eikås Ottersen som autoritær og hissig professor.

Foto: SOGN OG FJORDANE TEATER

For 10. mars har Sogn og Fjordane teater premiere på stykket "Privattimen" av den rumenske dramatikaren Eugène Ionesco. Stykket er skrive i 1951 og er eit oppgjer med makt og maktmisbruk.

Kyrre Eikås Ottersen spelar ein snål professor som gir ei ung jente, spela av Reidun Melvær Berge, privattimar. Det utviklar seg til ein studie i indoktrinering, ispedd mykje humor, og etter kvart konfrontasjon når eleven ikkje utan vidare godtek det professoren prøver å innprente.

Bentein Baardson

– UHYGGELEG AKTUELT: Regissør Bentein Baardson.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Ulike typar humor

Regissør Bentein Baardson seier det i utgangspunktet handlar om ein klassisk situasjon mellom lærar og elev.

– Mange har opplevd å vere pedagog sjølve, med alle dei komplikasjonane som kan oppstå. Men det er først og fremst eit morosamt stykke, med ulike typar humor. Det er nesten stand up innimellom, det er burlesk, det er ironi.

Baardsen sette opp stykket første gongen for 30 år sidan.

– Det er litt spesielt å tenke på at eg den gongen syntest det var uhyggeleg aktuelt. Men det er endå meir aktuelt no ut frå det som skjer både i Europa og USA.

Skodespelarane i Privattimen

TRIO: Reidun Melvær Berge og Kyrre Eikås Ottersen saman med Kjersti Fjeldstad, som spelar hushalderska til professoren.

Foto: SOGN OG FJORDANE TEATER

– Kjempestor utfordring

Reidun Melvær Berge seier at rolla som elev i «Privattimen» er nokså langt unna det ho har gjort tidlegare.

– Men det er veldig kjekt, og det har vore ei kjempestor utfordring. Eg har fått leika mykje, og eg har gått ut i dei ytste punkta av det eg trudde eg kunne gå. Det er skremmande kor mange eigenskapar og situasjonar som eg kjenner att.

– Kva trur du stykket gir dagens unge?

– Eg håpar dei synest det er kjekt, og at det er noko dei kjenner att. Kvar bør dei stå opp mot autoritetane, og kvar bør dei høyre på det som blir sagt?

Øyvind Høstaker

UT TIL 1700 ELEVAR: Øyvind Høstaker representerer Den kulturelle skulesekken.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Absurde innfall

Kyrre Eikås Ottersen seier at han på mange vis må forsterke seg sjølv når han skal spele den autoritære professoren.

– Det er fullt av overdrivingar og absurde innfall. Eg håpar dei unge som skal sjå det synest det er morosamt, men at dei kanskje vil sjå nokre mekanismar i samfunnet, og at dei kan lære noko av det også.

No skal «Privattimen» ut til 1700 elevar i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane. Øyvind Høstaker som steller med Den kulturelle skulesekken seier dei har rådført seg med lærarar når dei plukkar ut stykke som skal ut til skulane.

– Eg er veldig spent på korleis det blir teke imot. Det er vel ein del som har opplevd autoritære lærarar. Då eg gjekk på skule på 1970-talet hadde vi ein lærar som rista oss i øyra. Men eg trur ikkje elevane vil kjenne at det er tett på deira læresituasjon.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.