Hopp til innhold

No skal det takast prøver av villrein i heile landet

Det er knytt stor spenning til årets villreinjakt. Den frykta skrantesjuka gjer at det i haust skal takast prøver av all villrein eldre enn eit år i alle norske villreinområde.

Villrein på Hardangervidda, like ved riksveg 7

OVER HEILE LANDET: I haust skal det takast prøver av all felt villrein eldre enn eit år i alle villreinområda i landet.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

I fjor var vart heile villreinstammen i sone 1 i Nordfjella utrydda grunna funn av den frykta dyresjukdommen skrantesjuke. I haust skal det takast prøver av all villrein eldre enn eitt år i alle norske villreinområde. Dette blir gjort for å finne ut om det finst spor av sjukdomen. Villreinjakta starta i går.

– Det er veldig, veldig spennande. Eg håpar sterkt vi berre få nullprøver, seier Siri Bøthun, sekretær i villreinnemnda i Nordfjella og Fjellheimen.

Stor spenning

Landbruksministeren si avgjerd om å utrydde stammen i sone 1 vart møtt med både sinne og semje. Bøthun kallar året då ein måtte slakte ned stammen i sone 1 i Nordfjella eit «forferdeleg år».

Siri Bøthun

SPENT: – Det er veldig, veldig spennande. Eg håpar sterkt vi berre få nullprøver, seier Siri Bøthun, sekretær i villreinnemnda i Nordfjella og Fjellheimen, om årets prøvetaking på villrein.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Men ein må til ei kvar tid ta omsyn til situasjonen og rammene ein har. No står vi ved eit nytt startpunkt. Det handlar om å kome tilbake til normalen, men også om å få mest mogleg prøvemateriale for å auke kunnskapen om dette, seier Bøthun.

– Eg var veldig fornøgd då avgjerda kom om at ein skulle teste alle villreinområde i Noreg. Ein har òg omfattande testing på hjort og elg.

Ho seier arbeidet jegerane gjer er svært viktig. Jegerane i dei aktuelle områda har fått opplæring i å ta ut hjerneprøvar og lymfeknutar frå svelg som skal sendast Veterinærinstituttet i Oslo.

I Nordfjella 2 får jegerane også tilbod om å levere inn hovuda på dyr.

– Målet er å kome tilbake til normalen så godt som mogleg. Spenninga er der, for det er no og i åra framover vi kjem til å finne ut om det var eit rett grep vi har gjennomført.

Bør jaktast

I sone 1 i Nordfjella er planen at området skal ligge brakk i fem år, før ein ny stamme skal byggjast opp. I sone 2 møtte Mattilsynet sitt ønske om å skyte ned og ta prøver frå 107 vaksne bukkar motstand i sommar. Her er det framleis igjen ein delbestand.

Statleg jaktlag i sving på Hemsedalsfjellet.

SONE 1: I fjor var vart heile villreinstammen i sone 1 i Nordfjella utrydda på grunn av funn av den frykta dyresjukdommen skrantesjuke. Her eit statleg jaktlag på Hemsedalsfjellet i vinter.

Foto: Håvard Heggen / NRK

– Den er jatktbar og må bør forvaltast på beste måte. Den bør jaktast på for at talet dyr skal passe til bereevna til området. Det andre er å få testa, seier Bøthun.

Ho viser til at kvoten er sett slik at det er eit forhøgja tal hanndyr sett opp imot ein normalsituasjon.

– Der ein fann sjukdom eller smitte i fjor, var det ei overvekt av hanndyr i forhold til hodyr. No ofrar vi litt av hanndyrdelen for å finne ut om det finst smitte.

Kvotar

I Sogn og Fjordane er det fem mindre villreinområde innanfor fylkesgrensene, og andre som strekker seg over fylkesgrensene og i inn Buskerud, Hordaland,

– Stoda er bra i villreinområda på den måten at dyra er friske. Men vi har to villreinområde som ikkje har vore jakta på grunna bestandsnedgang dei seinare åra, Vest-Jotunheimen og Lærdal/Årdal, seier Bøthun.

– Her blir det jakta i år. Dei har fått kvotar spesielt for å ta ut skrantesjukeprøver.

Les også: