Hopp til innhold

No skal det bli slutt på mobbing

FØRDE (NRK): Elevar i halvparten av kommunane i fylket blir utsett for mobbing. No får Hornindal spesialhjelp.

Created by InfoDispatcher

Stopp: Elevane ved Slåtten skule seier nei til mobbing. (FOTO/REDIGERING: SIGNE FUGLESTEG LUKSENGARD/NRK)

– Vi er veldig glade for at vi får vere med i dette nye læringsmiljøprosjektet. For vi klarer det ikkje sjølve, seier rektor ved Hornindal skule, Gro Michaelsen Hundeide.

Ikkje råd til alle kommunane

Gro Michaelsen Hundeide

KLAR: Rektor Gro Michaelsen Hundeide på Hornindal har store forventingar til prosjektarbeidet Hornindal skal vere med i.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

13 kommunar får ekstra oppfølging av fylkesmannen fordi dei har slite med høge mobbetal over fleire år. Men det er berre Hornindal som er plukka ut til å vere med i det nasjonale arbeidet mot mobbing.

– Tilbodet kunne kanskje vore til fleire kommunar. Dette er eit statleg tilbod og det er vel avgrensa med midlar i forhold til kva staten kan tilby, seier utdanningsdirektør hjå Fylkesmannen, John Ole Vange.

Onsdag og torsdag var rektorane ved fleire skular i fylket samla for å snakke om miljøet på skulane sine og lære av kvarandre. Og høyre om læringsprosjektet.
10 kommunar med 23 skular har sidan desember i fjor delteke i pilotfasen.

Masfjorden har vore ein av skulane som har delteke.

Viktig at leiinga er med å motkjempe mobbing

Created by InfoDispatcher

Anbefalar miljøkoordinator: - Ho er grunnen til at mange fortsatt går her seier Heidi Eimhjellen ved Mo og Øyrane Vidaregående Skule. (FOTO/REDIGERING: SIGNE FUGLESTEG LUKSENGARD/NRK)

- På skulen vår har vi vår eigen miljøkoordinator. Henne er det lett å gå til med problema sine, seier Heidi Eimhjellen ved Mo og Øyrane Vidaregående Skule. Ho trur det er lettare å ha ein miljøkoordinator å gå til, enn å ta problema rett på rektor sitt kontor.

Det er eit tett samarbeid mellom miljøkoordinatoren og rektoren, slik at ein fort kan ta tak i problem om dei oppstår. At leiinga er med å motkjempe mobbing, meiner Eimhjellem er heilt nødvendig, då det er rektorane som har nok makt til å sette i gang gode tiltak.

Miljøkoordinatorstillinga er ikkje noko elevane har krav på. Eimhjellem håpar likevel skulene vil prioritere stillinga framover.

- Ho er ein av grunnane til at skulemiljøet er så godt som det er her ved Mo og Lyrane Vidaregåande Skule, meiner Eimhjellem.

Frå ordførar til lærarar

Alf Magnar Strand

VART OVERRASKA: – Vi visste ikkje at vi hadde så mykje mobbing før vi byrja med pilotprosjektet, seier skulefagleg ansvarleg Alf Magnar Strand i Masfjorden.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Vi har lært mykje. Vi trudde vi var flinke til å sjå og handtere mobbing, men det vi har gjort tidlegare har ikkje fungert, seier skulefagleg ansvarleg Alf Magnar Strand.

Å ansvarleggjere heile kommunen, frå ordførar til lærarar og å setje av tid til å følgje opp skulane ofte er nokre av årsakene til at Masfjorden no kan vise til ei fallande kurve av mobbing.

– Det er vesentleg at dei som er øvste leiarar tek sitt ansvar og følgjer opp. Eg har fått komme i kommunestyret og snakka om dette ein gong i månaden, og det fører til at vi held på fokuset, seier Strand.

Fylkesmannen med 50 tilsyn

John Ole Vange

SKAL VARE: – Arbeid mot mobbing skal ikkje vere eit prosjekt. Det skal vare, og takast på alvor, seier utdanningsdirektør hjå Fylkesmannen, John Ole Vange.

Foto: Eli Eikensæ Vengen / NRK

Det er spesielt på skulane på Skei, Lærdalsøyri, Selje, Torvmyrane i Florø og Hornindal at mobbinga har vore vedvarande viser tal frå utdanningsdirektoratet.

– Fylkesmannen har hatt 50 tilsyn dei siste fem åra, og vi har god kontakt med skulane og kommunane for å følgje opp sakene som ikkje fungerer, seier utdanningsdirektør Vange.

Talet på mobbesaker som blir melde inn til Fylkesmannen har auka, frå tre i 2011 til 14 i 2014. Fylkesmannen har dei siste fem åra gjennomført om lag 50 tilsyn med dette som tema.

Rektorsamling

LÆRING: Utan rektorane vert det vanskeleg å bli kvitt mobbing, og på samling i Førde torsdag fekk fleire av rektorane ny informasjon om kva som må til for at mobbinga skal forsvinne.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK