NRK Meny
Normal

No skal den fysiske aktiviteten i barnehagane målast

SOGNDAL (NRK): Ved hjelp av aktivitetsmålarar skal over 60 barnehagar få kartlagt kor mykje dei er i fysisk aktivitet. Kjørnes barnehage i Sogndal er ein av barnehagane som skal under lupa.

Kjørnes barnehage

SKAL GRANSKAST: Aktiviteten til borna i Kjørnes barnehage i Sogndal er blant dei som skal undersøkast.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Eg trur at all utvikling som ungane skal ha krev at ungane får lov å vere fysisk aktive, seier Gunn Haugen som er styrar i Kjørnes barnehage.

Med eigen utebarnehageavdeling vert det mykje leik i naturen. Borna strøymer til taubana i skogen og er ikkje seine å be om å få slengje seg bortetter lina.

Leikar med line

AKTIVE: Taubana i Kjørnes barnehage i Sogndal er svært populær.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Kartlegg 60 barnehagar

Men kor stort er aktivitetsnivået i barnehagane eigentleg? Gjennom eit nytt forskingsprosjekt under namnet PresPas ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, skal dei kartleggje den fysiske aktiviteten i over 60 barnehagar i 14 kommunar i fylket. Rundt 2000 born mellom to og seks år deltek.

Eivind Aadland

UNDERSØKER: Prosjektleiar Eivind Aadland

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi brukar ein avansert skritteljar som skal måle aktiviteten gjennom heile dagen, fortel prosjektleiar Eivind Aadland.

Med ein raud liten sak festa rundt livet skal borna, men også dei tilsette få målt sitt aktivitetsnivå gjennom dagen, både i barnehagen og heime.

Slik ser aktivitetsmålaren ut

FYSISK AKTIVITET: Slik ser målaren ut, som skal registrere den fysiske aktiviteten.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det er for å få informasjon om kor aktive ungane, men og for å sjå korleis barnehagane kan vere med å fremje fysisk aktivitet. Barnehagen er ein veldig interessant arena når vi skal på korleis vi skal fremje aktivitet i befolkninga. Då er dei minste ungane viktige for vi ser at levevanar blir lagt veldig tidleg

Ikkje kartlagt tidlegare

I dag finst det ikkje data i Norge som fortel noko om fysisk aktivitet blant born i barnehagealder. Høgskulen har også gjennomført liknande prosjekt i skulane og blant vaksne, og no er turen også kome til dei minste.

– Dette kjem til å bli heilt nye data i Norge, og det er ein stor studie nasjonalt og ein relativ stor studie internasjonalt. Det vi ser og som vi har data på er at ei uheldig utvikling på vekt i ulike aldersgrupper, noko som gjeld dei minste.

Fysisk aktivitet

I barnehagen på Kjørnes trur dei at både born og tilsette får bra med fysisk aktivitet.

Gunn Haugen, styrar i Kjørnes barnehage

BLIR UNDERSØKTE: Den fysiske aktiviteten til styrar Gunn Haugen og borna i Kjørnes barnehage i Sogndal skal no granskast.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi tykkjer vi har mykje uteaktivitet. Til dømes er det ikkje noko flatt område her. Det er bakkar som vi må gå opp og ned og får dermed ein del gratis, seier styrar Gunn Haugen.

Ho er spent på om aktiviteten er slik som dei trur, for det er ikkje berre borna sin aktivitet som vert målt. Også dei tilsette får på seg målarane.

– No får vi litt meir fakta, kanskje betyr det at vi må endre på noko av det vi har tenkt til no, kanskje vi har trudd noko som syner seg å ikkje stemme likevel.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå