Hopp til innhold

No skal dei stake ut kursen

Politikarane har onsdag starta arbeidet med å stake ut den vidare kursen for korleis dei skal organisere dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane.

Planutvalet i møte for å diskutere skulesaka

SAMLA: Planutvalet i fylkeskommunen er onsdag føremiddag samla for å diskutere korleis dei skal jobbe vidare med den framtidige strukturen for dei vidaregåande skulane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Skuledebatten rasar nett no i Sogn og Fjordane. Politikarane veit at dei er nøydde til å gjere noko med skulestrukturen, og i dag møttest planutvalet for å diskutere det vidare arbeidet.

I samband med at elevtalet går kraftig ned dei komande åra, og fylkeskommunen får mindre pengar til vidaregåande skular, må dei gjere grep. Konsulentfirmaet Norconsult har laga tre modellar der det blir føreslått å leggje ned mellom tre og sju skular. I tillegg har Frp lagt fram sin eigen modell for kutt.

Politikarane i planutvalet vil i dag truleg bestemme seg for kva modellar som skal konsekvensutgreiiast, og korleis dei skal gå vidare med arbeidet.

Frå før har både Ap og Sp sagt at dei ikkje vil sjå nærare på den mest kontroversielle av modellane. I denne modellen blir Årdal, Luster, Dale, Mo og Jølster, Stryn, Høyanger og Måløy føreslått kutta.

I mars og april neste år legg fylkesutvalet opp til ein høyringsprosess i saka. Denne skal avsluttast i siste halvdel av april.

Saka skal slutthandsamast politisk i mai og juni 2013.