Hopp til innhold

No skal dei lage dobbelt så mykje av dette

Tine kuttar over heile Vestlandet til fordel for meieriet på Byrkjelo. No skal meieriet doble produksjonen av brunost.

Brunost

DOBLAR: Meieriet på Byrkjelo skal heretter produsere 6000 tonn i året av det som lenge har vore eit av nordmenn sitt favorittpålegg.

Foto: Helena Rønning

Konsernstyret i Tine har i dag vedteke å leggje ned meieriet i Hardanger, sett Voss på vent og kuttar kraftig i Elnesvågen og Ørsta. Ein av konsekvensane er at anlegget på Byrkjelo blir heilt sentralt i produksjon og distribusjon av brunost til norske forbrukarar.

– Vi går no frå fem til tre brunostanlegg, og då vil vi ha om lag 60 prosent av produksjonen i Norge etter at vedtaket er gjennomført. Vi vil auke frå om lag 3000 til om lag 6000 tonn brunost, seier meierisjef Thorkild Heieren til NRK.

Bak vedtaket ligg også at konsumet av brunost har gått ned i Norge, og at Tine vil satse på større einingar. Meieriet på Byrkjelo vil kome styrka ut av omstillinga, meiner meierigiganten.

– Opp imot bemanning så er det slik at vi vil prøve å gjere ting meir rasjonelt på større einingar. Men vi reknar med ein fem til ti årsverk i pluss, seier Heieren.

Meieriet på Byrkjelo

FLEIRE FOLK: Tine reknar med at det vil vere behov for 5–10 nye årsverk på Byrkjelo.

Foto: Ottar Starheim

Vedtaket i Tine sitt konsernstyre fører til følgjande endringar i meieristrukturen i Norge:

  • Elnesvågen blir bygd om til produksjon av skorpefri ost når produksjonen av Jarlsberg for eksport går ut, truleg frå 2020
  • Ny vurdering av Voss skal gjerast når Elnesvågen er ombygd. Det betyr at Voss blir drive vidare i fleire år, men med avgrensa investeringar
  • Produksjonen av brunost og gomme-produkt på Elnesvågen og Ørsta blir flytta til Byrkjelo og Lom & Skjåk
  • Kremostproduksjonen blir samla i Ørsta, Hardanger blir lagt ned