Hopp til innhold

Dei har fått krav om plastsortering i årevis – no er miljøverket i ferd med å snu

FØRDE (NRK): Som eitt av få miljøverk har ikkje Sunnfjord Miljøverk hatt innsamling av plastavfall frå hushaldningane. No vil styreleiaren i miljøverket ha ei endring på det.

Dagleg leiar og styreleiaren i Hesjedal

PLASTPROBLEM: Styreleiar Oddmund Klakegg (t.v.) og dagleg leiar i Sunnfjord Miljøverk, Henning Tjørhom.

– På fredag vil styret i Sunnfjord Miljøverk (SUM) ta opp saka om at vi skal starte med innsamling av plast hos abonnentane våre.

Det seier Oddmund Klakegg som er styreleiar i Sunnfjord Miljøverk (SUM).

I førre veke var dagleg leiar i SUM, Henning Tjørhom, hos kommunestyret i Naustdal for å orientere om handsaminga av plast i miljøverket.

Då sa fleire av politikarane at dei ville stemme for å gå vekk frå den gamle ordninga med at abonnentane sjølv må levere plastavfallet på miljøstasjon. Dei vil heller ha innsamling som i andre kommunar.

– Vi har merka oss at fleire av eigarkommunane no ønsker ei ny ordning, difor snur vi oss no og løyser dette, seier Klakegg.

Høyr radiosaka frå måndag her:

Investerer i plastpresse

– Vi må få oss eit område kvar vi kan sette opp ei plastpresse som kan ta unna den plasten vi hentar inn, seier han.

Han tippar at ei slik investering vil koste eit par millionar kroner, men trur styret no er klare for å gjere dette løftet.

– Vi har vel vore litt forsiktig i denne saka, men samtidig har vi respekt for at det er abonnentane og innbyggarane i Sunnfjord sine midlar vi disponerer, ikkje vår eigne.

Leveringspunkt for husholdningsplast

MÅ LEVERE: I dag må abonnentane til SUM levere plastavfall på miljøstasjonane i kommunane. Frå og med hausten kan det bli endring på det.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Klart til hausten

– Først må styret vedta dette, deretter må vi finne ei ordning sånn reint praktisk, difor kan eg ikkje seie noko om detaljane rundt korleis dette skal løysast, fortel Klakegg som håpar at dei vil ha ordninga klar til hausten.

Han viser til handsaminga Stortinget skal gjere av eit EU-direktiv. Der kan det kome nasjonale føringar på sortering og handsaming av plast for framtida, men i mellomtida vil altså SUM hente inn plastavfallet hos kundane.

– Vi vil komme tilbake med detaljar om dette når vi har opplegget klart. Prismessig trur eg vi skal få det til med ei auke for kvar abonnent på 100–200 kroner, men no lyt vi jobbe med å få alt på plass før vi veit det sikkert, konkluderer styreleiaren.