NRK Meny
Normal

No skal dei gjere det tryggare å føde

Det skal bli endå tryggare å føde i Sogn og Fjordane. Førde sentralsjukehus har hatt fokus på å bli best mogeleg på å gjere fødselen trygg for dei fødande, men også for dei tilsette.

Det skal bli tryggare å føde i Sogn og Fjordane

TRYGGARE FØDSLAR: Ei tavle med nøkkelinformasjon om den fødande skal vere med på å gjere ting enklare.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Med ein tusj fyller Randi Mette Sygard Steen ut opplysningar om den fødande på ei whiteboard-tavle på fødestova

– Her skriv vi opp informasjon om kvinna som har kome inn på fødestova. Det er namn på kvinna og kven som er følgjeperson, om ho har fødd tidlegare, kor langt ho er komen i svangerskapet og eventuelle risikofaktorar som til dømes diabetes eller epilepsi, seier Sygard Steen.

På denne måten skal helsepersonell som kjem inn på fødestova lett få informasjonen vedkommande treng for å gjere gode vurderingar.

«Trygge fødslar»

Sentralsjukehuset har prosjektet kalla "Trygge fødslar". Undersøkingar frå Norsk Pasientskadeerstatning viser at menneskeleg svikt oftast er årsaka når ein fødsel ikkje går slik den skal. Ved hjelp av sjekklister skal helsepersonell få betre kontroll

– Det er trygt å føde her, og samanliknar vi oss med andre land så er Norge eit av dei tryggaste landa å føde i, men eg ser vi kan gjere det endå tryggare, seier jordmor og seksjonsleiar Kjellaug Fredly.

– Korleis skal de gjere det?

– Ved å systematisere mykje av den kunnskapen som vi allereie har og som vi brukar til dagen. Ved å bruke sjekklister og tavler sikrar vi oss at den kunnskapen vi har er dokumentert og at vi har fått med oss alt.

Det skal bli tryggare å føde i Sogn og Fjordane

BLIR KURSA: Randi Mette Sygard Steen, Ingvild Dorthea Strømmen og Kjellaug Fredly ved Sentralsjukehuset i Førde

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Små men viktige ting

Overlege Randi Mette Sygard Steen seier det er små, men viktige ting dei tilsette jobbar med for å gjere fødselen tryggare – som ei informasjonstavle.

– Dette er ei kjempeviktig tavle, for når det skjer akutte ting, enten når gynekolog, anestesi eller barnelege kjem inn, så veit dei om all den viktige informasjonen.

Rollespel

Jordmødrene gjer sitt yttarste for å bli best mogeleg. Rollespel er ein av måtane dei trenar for å bli best.

– Då spelar vi ein fødsel på fødestova, der vi går gjennom ulike side ved ein fødsel på ein reel måte slik at alle forstår korleis det skal gjerast, seier Ingvild Dorthea Strømmen.

– Og dette tar personalet på høgste alvor?

– Ja, dei er blitt vande til at vi har scenariotrening, og eg tur at dei tar vel i mot det fordi det er ein så god ide, seier Strømmen.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast