No skal dei gjere alvor av truslane

Nordic Mining si prøveboring i Naustdal er rett rundt hjørnet. Der vil Natur og Ungdom møte dei med sivil ulydnad.

Trening på sivil ulydnad Førdefjorden

HAR TRENT: Natur og Ungdom har fleire gonger trent på sivil ulydnad og heile vegen varsla å bruke treninga når det kom til det. Her frå trening i Vevring i august i fjor.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ungdomsorganisasjonen har fortalt at dei har 2000 ungdomar på aksjonslista si, klare til å lenke seg fast for å hindre gruvedeponi, både i Førdefjorden i Sunnfjord og i Repparfjorden i Finnmark.

Seinast i neste veke startar Nordic Mining med prøveboring i Engebøfjellet i Naustdal. Allereie då har Natur og Ungdom planar om sivil ulydnad.

– Det har vi, så absolutt, seier David Svardal Nordheim, leiar i Natur og Ungdom i Sogn og Fjordane.

Varslar både sivil ulydnad og aksjonar

Også den nyvalde leiaren i Natur og Ungdom, Ingrid Skjoldvær, stadfestar aksjonsplanane. Men ingen av dei vil seie noko om når, kor og korleis protestane skal gå føre seg.

David Svardal Nordheim

LEIAR: David Svardal Nordheim, er fylkesleiar i Natur og Ungdom i Sogn og Fjordane.

Foto: Privat

– Det skal ikkje bli så frykteleg lenge til, men eg kan dessverre ikkje gå inn på detaljane akkurat no. Det er for å ikkje gi dei eksakte praktiske detaljane til Nordic Mining slik at dei kan bruke det mot oss, seier Svardal Nordheim.

– Nordic Mining har jo fått alle løyve dei treng for å starte prøveboring. Er det då greitt å gå til ulovlegheiter for å gjere det?

– Dei har fått løyve til å starte prøveboring, men dei har framleis ikkje absolutt alle løyve dei treng for å starte sjølve prosjektet. Dei har faktisk blitt klaga inn til Vassdirektoratet i EU fordi Norge har brote med internasjonale avtalar ved å gi dei lov, seier Svardal Nordheim.

Målet med den sivile ulydnaden og aksjonane er klart:

– Det er for å sende eit sterkt signal. Sjølv om dei ikkje har begynt med sjølve hovudprosjektet, så har dei begynt med eit forarbeid som eg tenker er viktig for dei. Og då er vi nesten nøydde til å begynne no.

Steinbrotet i Engebøfjellet

GRUVEDRIFT: Her i Engebøfjellet i Vevring i Naustdal har Nordic Mining planar om å hente ut rutil.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

Ikkje overraska

Utforskingsleiar Mona Schanche i Nordic Mining hadde ikkje høyrt om planane før no.

– Det er for så vidt ikkje overraskande i og med at dei tidlegare har sagt at dei ønskjer å aksjonere mot prosjektet. Vi tek til oss den informasjonen som vi no har fått.

Mona Schanche, utforskingsleiar Nordic Mining

VENTA: Varselet om sivil ulydnad kjem ikkje overraskande på utforskingsleiar i Nordic Mining, Mona Schanche.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ho seier at tryggleikstiltak ikkje er diskutert og at dei vil ta det når det måtte bli naudsynt.

– Vi har loven og reglane på vår side i høve til å gjennomføre prøveboringa og det er det vi held oss til.

– Korleis vil de handtere ein aksjon?

– Sjølvsagt vil vi møte dei på ein høfleg måte, men korleis vi vel å handtere det på staden, det skal eg ikkje uttale meg om no.

Schanche vil ikkje seie noko om dei no kjem til å kople inn politiet og kommunen.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.