Hopp til innhold

No skal dei avsløre villaksen sitt liv i havet

Korleis har eigentleg villaksen det ute i havet? Det håpar forskarane å finne ut meir om.

Laks i havet

HAR TEKE PÅ SEG EI VANSKELEG OPPGÅVE: Det finst lite kunnskap om korleis villaksen har det dei åra den lever i havet.

Foto: Audun Rikardsen

Sportsfiskarar med smørblide glis på elvebreidda, der dei stolte viser fram villaksen dei har vunne kampen mot. Slike bilete har du garantert sett.

For sjølv om villaksen i dag i mindre grad enn før blir brukt som matfisk, er det tusenvis av nordmenn og utlendingar som elskar å fiske etter den. Til og med kong Harald.

Men det kjem stadig færre villaksar tilbake til dei norske elvane. Samanlikna med tidleg på 1980-talet er det no mindre enn halvparten så mykje laks som kjem tilbake til kysten. Det fortel Eva Thorstad som er forskar og prosjektleiar hos Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Saman med forskarar frå både inn- og utland skal ho bruke 36 millionar kroner for å finne ut meir om livet til villaksen i havet.

– Dette er kjempespennande.

Er vanskeleg å fange i havet

Eva Thorstad

EIN HALV MILLION KJEM TILBAKE: Ifølgje forskar Eva Thorstad i NINA kjem det tilbake vel ein halv million villaks frå havet til elvane langs kysten kvart år.

Foto: Privat

Vel ein tredjedel av all villaks i verda held til i Norge. Villaksen blir fødd og veks opp i elvane. Så sym den ut i havet, der den kan bli i nokre år før den vender tilbake til elva der den vart fødd for å gyte.

Omfattande forsking har gitt mykje kunnskap om laksen sitt liv på gyte- og oppvekstområda i elvane, og korleis den blir påverka i kystsona langs norskekysten. Men det er vanskeleg å gjere undersøkingar på villaksen når den er i havet.

– Villaksen lever over store delar av Nordatlanteren og er spreidd over veldig store område. Det er vanskeleg å fange villaksen i havet, og det er vanskeleg å merke den fordi fiskane er så små når dei går frå elvane og ut i havet, seier Thorstad.

Reiser på tokt

NINA har mellom anna fått med seg UiT – Noregs arktiske universitet, Havforskingsinstituttet, UNI Research AS og Rådgivende Biologer AS. I tillegg til 21 millionar kroner frå Forskingsrådet, stiller prosjektpartnarane også med eigne midlar.

– Det vil bli tokt i havet der vi samlar inn fisk, vi skal merke laks og vi held fram med ein del undersøkingar der vi ser på overlevelse frå elv til elv, fortel Thorstad.

Ho er svært glad for å ha fått med seg så mange ulike forskingsmiljø. Forskingsrådet var ikkje i tvil om at dei burde støtte prosjektet.

– Det er viktig for å få fram god kunnskap på eit område der vi har behov for å lære meir, seier administrerande direktør John-Arne Røttingen.

Eit av dei langsiktige måla er å kunne regulere fiskekvotane i åra framover.

– Med meir kunnskap om kor mykje laks som kjem tilbake frå havet, vil forvaltninga og fisket kunne justerast, seier Thorstad.