Hopp til innhold

No skal brua få «katodisk vern»

Denne veka startar arbeidet med å pusse opp betongen på Måløybrua. Det får følgje for trafikken over.

Måløybrua

SKAL PUSSAST OPP: Måløybrua kosta vel 32 millionar kroner då den vart bygt på 70-talet. Allereie i desember 1973 køyrde dei første bilane over brua. Sju månader seinare stod kong Olav V for den offisielle opninga.

Foto: INGE SKAVØYPOLL

Nordre fortau blir stengd grunna arbeidet, og fartsgrensa sett ned til 50 km/t på brua.

– Arbeidet vil starte ved pilar 22, som er på vestsida av seglingsløpet, og dei vil halde fram i retning Måløy. Dei vil jobbe på ei strekkje på kring 200 meter av gangen, og det meste av arbeidet vil skje frå stillas som heng under brua, seier byggjeleiar Trond Gjerland i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Norges lengste

Brua var landets lengste vegbru då den vart offisielt opna i 1974. Når brua no skal rehabiliterast blir det for nær tre gonger meir enn byggjekostnaden på 32 millionar kroner. Arbeidet skal forlenge levetida til brua med 30 år.

I fleire år har det falle betongbitar frå brua. Dette har gjort at salt og vatn lettare trengjer inn i brukonstruksjonen, og armeringsstål har byrja å ruste.

No skal den 1.224 meter lange brua få «katodisk vern». Laus og dårleg betong skal erstattast av betong med eit nett av titan. Det nye «topplaget» får permanent svak likestraum, som gjer at rust-prosessen i armeringsstålet i betongen stoggar opp.

Arbeid over fire år

Gjennomføring av arbeidet er planlagt fordelt over fire år, med stogg midtvinters.

I år er det planlagt arbeid frå seglingsløpet til kring 250 meter inn mot Måløy sentrum. Dette fører til redusert ferdsel under brua der arbeidet føregår.

Innsnevringa til eitt køyrefelt er naudsynt i ei strekkje på 2–300 meter, og trafikken blir sleppt igjennom med hjelp av trafikklys. Fartsgrensa blir sett ned frå 60 til 50 km/t.

Nordre fortau blir stengd for all ferdsle i heile anleggsperioden, men fortau på sørsida skal vere ope for fri ferdsle.