Hopp til innhold

No skal banken hans bli klimanøytral

Sparebanken Vest gjer no grep for å redusere klimautsleppa. Dei vil også stille same krava til dei som leverer varer og tenester til banken. – Vi håpar fleire let seg inspirere, seier Framtiden i våre hender.

Jan Erik Kjerpeseth

SATSAR: Konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest set krav både til eigen bank og også til leverandørane framover.

Foto: Benedikte Grov / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi skal mellom anna reise mindre med fly og heller bruke andre verktøy som Skype. Vi skal også erstatte bilane våre med elbilar, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.

Han fortel at banken skal vere klimanøytral innan 2019. Dei må oppfylle fleire vilkår for å klare det.

– Vi må levere årlege klimarekneskap. I tillegg må vi jobbe målretta og ha ein plan for å redusere eigne utslepp. Vi må også kjøpe klimakvotar for det restutsleppet vi ikkje klarer å kutte.

Stiller krav

Banken er inspirert av straumleverandøren Fjordkraft som fekk FN sin bærekraftpris under klimatoppmøtet i Polen før jul.

– Vi jobbar aktivt med korleis vi skal gjennomføre det same som Fjordkraft har gjort. Dei sette krav til at alle som leverer varer for meir enn 100.000 kroner, skal vere klimanøytrale, seier han.

No vil Sparebanken Vest stille krav til sine eigne leverandørar. Dei som ikkje klarer det innan 2020, blir kutta ut.

–– Vi held no på med kartlegging og utvikling av ei verktøykasse som gjer at vi kan støtte leverandøren vår i overgangen til å bli klimanøytrale.

Jeanne Tjomsland

MEIR MILJØVENNLEG: Jeanne Tjomsland i Fjordkraft seier målet er å redusere klimafotavtrykket.

Foto: Fjordkraft

Håper på dominoeffekt

Kommunikasjonsdirektør Jeanne Tjomsland i Fjordkraft er glad for at fleire vil gjere det same som selskapet ho jobbar i.

– Saman med leverandørane våre oppnår vi hundre gonger så stor reduksjon i klimautsleppet som vi kunne klart åleine som ei kontorbedrift. Difor er vi glade når bedrifter som Sparebanken Vest også vil vere med å stille krav og dermed få ein ny dominoeffekt.

Fjordkraft er straumleverandør, noko som betyr at dei ikkje produserer straum, men kjøper inn for vidaresal. Bedrifta har vore klimanøytral sidan 2007.

Trur dei får leverandørane med seg

No vil Sparebanken Vest gjere det same. Jan Erik Kjerpeseth seier dei har ei rekkje leverandørar, til dømes innan IT. Han har stor tru på at dei vil klare desse krava.

– Når leverandørane til Fjordkraft har klart det, så må også våre leverandørar klare det. Med det som står på spel når det gjeld klima og kloden, må alle dit uansett.

Han trur andre bedrifter vil følgje etter ved å setje krav til leverandørane framover.

– Vi ser det skjer mykje innan bank og finans. Storebrand er utruleg flinke til å droppe investeringar i det som ikkje er berekraftig, og vi ser det er ei stor endring i dette på finanssida internasjonalt.

Tykkjer det er positivt

Anja Bakken Riise

POSITIV: Leiar Anja Bakken Riise i Framtiden håper fleire vil la seg inspirere.

Foto: Renate Madsen/FIVH

Leiar Anja Bakken Riise i Framtiden i våre hender tykkjer det er positivt at dei vil fly mindre, stille krav til underleverandørar og ta i bruk klimarekneskap.

– Det er bra at dei ønskjer å gjere endringar sjølv, i staden for å berre «kjøpe seg nøytrale» ved hjelp av klimakvotar.

Ho håper fleire bankar vil la seg inspirere av både Fjordkraft og Sparebank Vest til å gjere grøne val for framtida.

– Samstundes håper vi at Sparebank Vest også vil sjå på kjerneaktiviteten sin, altså i kva selskap banken vel å plassere pengane til kundane sine, seier ho.

NRK rekrutterer for tida deltakarar til prosjektet «Hele Noreg snakkar», der folk kan bli kopla saman med nokon dei er ueinige med. Vil du delta? Klikk på biletet under.