Hopp til innhold

No skal alle fjerdeklassingar testast i svømming

Norske born og ungdommar er dårlegast i Norden. Difor blir det denne hausten innført obligatorisk ferdigheitsprøve i svømming for alle fjerdeklassingar i Norge.

Svømmeundervisning av lærarar frå indre Sogn.

ELEVAR FOR EIN DAG: Lærarar frå Sogn og Fjordane får opplæring i korleis dei skal gjennomføre den nye ferdigheitsprøven. Instruktør er svømmelærar Borgar Ness.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Prøven består av sju øvingar som elevane skal gjennom - og meistre - i løpet av skuleåret.

– Det viser seg at norske born og ungdommar er for dårlege til å svømme. Det syner blant anna undersøkingar svømmeforbundet har gjort. Samanlikna med dei andre nordiske landa er vi vesentleg dårlegare, fortel lektor Egil Gjølme ved NTNU i Trondheim.

– Viktig at det er leik

– Du er ikkje redd for at elevane vil oppleve dette som endå ein test?

Egil Gjølme, lektor ved NTNU i Trondheim.

HAR TRUA: Lektor Egil Gjølme meiner den nye ferdigheitsprøven vil føre til at svømming vert meir prioritert i skulen.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Det er ein stor fare for det. Difor har vi delt opp ferdigheitsprøven i sju ulike deløvingar som gir meistringskjensle på alle nivå. Alle skal føle liv, latter og god stemning, forklarar Gjølme.

– Må prioritere svømming

Han har tru på at det nye kravet vil føre til skulane vil prioritere svømminga i pensumet. Men skal elevane bli flinkare og tryggare i vatnet må lærarane kursast først. Difor var Gjølme og symjelærar Borgar Ness i Sogndal i dag for å undervise lærarar frå Sogn og Fjordane. Saman reiser dei to landet rundt for å kurse i øvingar som skal gjere prøven til ein leik.

Positive lærarar

Lærarane vart dermed elevar for ein dag i svømmehallen i Sogndal. Og det såg ut til at dei trivdest. Alle NRK snakka med var positive til det nye kravet, sjølv om det kjem oppå mange andre krav. Men dei understrekar at det er viktig at elvane får kjensla av leik og ikkje test.

Lærarane vart underviste både inne i symjehallen og ute i Sogndalsfjorden.

– Veldig bra, er den tydelege beskjeden frå lærar ved Trudvang barneskule i Sogndal, Marte Kviberg.

Håpar på vatn i bassenga

Etter å ha blitt hala i land i fjøresteinane er ho ikkje tvil om at det også er rett å trene elevane i svømming utandørs.

Lærar Marte Kviberg

LÆRAREN: Marte Kviberg håpar prøven vil føre til at det vert meir vatn i bassenga kringom i kommunane.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Veldig tankevekkande. Heilt annleis enn i bassenget. Det er heilt noko anna å vere i kaldt vatn med heilt andre element som steinar og bølgjer, fortel Kviberg.

– Det er viktig at flest mogeleg lærar seg å svømme for å unngå drukning. Viss dette kan hjelpe er det fint, oppsummer ho.

Fungerer i Trøndelag

Mannen som har ansvaret for å trene lærarane i bassenget, Borgar Ness frå Verdal, snakkar varmt om den nye ferdigheitsprøven.

Svømmelærar Borgar Ness.

SVØMMELÆRAREN: Borgar Ness fortel at opplegget er prøvd ut i Trøndelag, og at det har fungert godt der.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Dette gir svømming ein tydeleg plass i skulen. No må lærarane forhalde seg til om elevane har klart krava eller ikkje. Dette gir svømminga ein heilt ny status.

– Så lenge du held på leiken og gleda, så har vi alt sett at det går an. Vi har prøvd dette i Trøndelag, seier Ness.