Hopp til innhold

No skal Adam frå Syria lære vekk nynorsk til flyktningar

FØRDE (NRK): Adam Dean jobba som engelsklærar i Syria. No lærer han arabisk til nordmenn og nynorsk til flyktningar og asylsøkjarar.

Adam Dean har utvikla nynorskopplæring for flyktningar.

NYNORSK PROSJEKT: Adam Dean brukar video til å gje andre flyktningar og asylsøkjarar kunnskap om nynorsk. Foto: Steinar Lote, redigering: Ole André Rekkedal / NRK.

Saman med broren Ahmad, som også er utdanna lærar, startar han no eit heilt unikt prosjekt med å lære vekk både talemål og skriftspråk til dei som har blitt plassert eller busett i nynorsk-område.

– Då eg kom til Norge fann eg ut at det er to skriftspråk. Eg fann mykje på nettet om bokmål, men ingenting om nynorsk. Då ville eg prøve å lage noko nytt som ikkje hadde vore gjort før, fortel læraren.

Ville lære nynorsk sjølv

På kort tid har dei to brørne blitt sentrale brikker i språkopplæringa for dei som har kome til mottaka i området.

Sjølv lærte Adam seg først å lese bokmål, som er det vanlege for alle utlendingar som kjem til Norge. Men han leita etter læringsressursar på nynorsk, noko som synte seg vanskeleg å finne.

– Då eg kom hit ville eg halde på bokmål, men etter ei stund fann eg ut at dei bør lære seg det skriftspråket andre brukar. Difor bytta eg til nynorsk, og eg tilrår andre om å gjere det same.

Ingvild Haavet Bjørnson, lærer på Hafstad videregående, saman med Adam Dean

LÆRER VIDARE: Ingvil Haavet Bjørnson formidlar sin kunnskap vidare til Adam Dean.

Foto: Steinar Lote / NRK

Vel vakre bakgrunnar

NRK møter dei to brørne når dei gjer opptak til ein ny YouTube-film om nynorsk. Som bakgrunn for videoane legg dei gjerne ut på tur i nærområdet. Dei har også vore på stader som Bergen, Oslo og Galdhøpiggen og filma.

– Norge er veldig vakkert, og eg trur det kan hjelpe litt for dei som vil vite meir om Norge. Dei treng å få informasjon om staden, om kultur og vêr til dømes, seier Ahmad Dean, som står bak kamera.

Får støtte til prosjektet

Som støtte i prosjektet har Adam fått med seg Ingvild Haavet Bjørnson. Ho er norsklærar på Hafstad vidaregåande skule i Førde.

– Dei som kjem hit og skal bu i Sogn og Fjordane bør lære nynorsk. Det er det som er skriftspråket her og nærare dialekta. Det er lettare å kome inn i samfunnet her om ein brukar nynorsk i staden for bokmål, slår Bjørnson fast.

Adam og Ahmad Dean ved Huldefossen i Førde

LÆRINGSMILJØ: Brørne Ahmad og Adam Dean spelar inn ein ny nynorskfilm med Huldefossen i Førde som bakgrunn.

Foto: Steinar Lote / NRK

Meiner språk er nøkkelen

For Adam er det å lære vekk kunnskap avgjerande for at han skal ha ein god kvardag her i Norge. At han og broren brukar mykje tid på frivillig å lære vekk nynorsk, ser han på som ein del av si eiga lærargjerning.

– No lærer eg vekk arabisk til nordmenn og nynorsk til asylsøkjarar og flyktningar. Språk er veldig viktig, om ein vil kommunisere og forstå. Å lære seg språk er nøkkelen til å klare seg i Norge eller i kva som helst anna land.