NRK Meny
Normal

No siktar dei mot nye marknadar i Asia

Coast Seafood omsette for andre året på for over tre milliardar kroner. No er eksportverksemda i full gang med å etablere seg i Dubai.

Sverre Søraa, Martin Øvrebø

KRAFTIG VEKST: Frå oppstarten i 1994 har eigarane Martin Øverbø og Sverre Søraa (t.h.) teke Coast Seafood fram til ein omsetnad på over tre milliardar.

Foto: Thomas Bickhardt

– Vi har no eit spesielt fokus på Søraust-Asia og Midtausten. Vi har etablert oss med eit selskap i Dubai, og held no på å byggje oss opp der nede, seier administrerande direktør Sverre Søraa.

Coast Seafood omsette i 2014 for 3,063 milliardar kroner. Det gav eit årsresultatet på 38,2 millionar, ned frå 53,8 millionar året før.

– Vi er veldig nøgde med konsernet si omsetning for fjoråret. Vi noterer ein ny topp for Coast Seafood, seier Søraa.

Er i ferd med å byggje seg opp i Dubai

Coast Seafood måtte i fjor finne nye marknadar for om lag 300 millionar – nesten over natta, då Russland stengde grensene for norsk laks. Her ligg ein del av forklaringa til nedgangen i driftsresultatet.

– Vi lukkast med å finne nye marknadar, og ser no at etterspurnaden tek seg opp på stadig nye stadar, som følgje av at vi har fokus på det.

No er den Måløy-baserte eksportverksemda i full gang med å jobbe seg inn i Søraust-Asia og Midtausten. Dei har allereie etablert seg med eit selskap i Dubai.

– I Midtausten er det mange nye og spennande segment vi kan jobbe i, og som har kjøpt forholdsvis lite laks dei siste åra. Men det betyr at potensialet er desto større, seier Søraa.

– Hadde ikkje drøymt om å bli så store

Coast Seafood vart skipa i 1994 med hovudkontor i Måløy. I løpet av 20 år har selskapet bygt seg opp til eitt av dei store norske selskapa for eksport av oppdrettslaks og aure, men driv også eksport av sild, makrell og kvitfisk.

Dei har også ein pelagisk fabrikk i Måløy for produksjon av sild og makrell, i tillegg til at dei er medeigarar i Sotra fiskeindustri.

Dei siste fem åra har driftsresultatet vore relativt jamt og stabilt.

– Vi har greidd å stabilisere kundemassen og oppdrettarmassen, og legg merke til at våre oppdrettarar er blant landets flinkaste. Når vi då klarer å finne nye marknadar og jobbe oss inn i segment som betaler godt – ja, då blir dette ein vinnarmodell, seier Søraa.

– Går vi tilbake til byrjinga, så var det ingen som kunne drøyme om at vi frå vesle Måløy skulle kunne klare å etablere eit selskap – og 20 år seinare ha ein omsetnad på tre milliardar, seier den administrerande direktøren.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå