Hopp til innhold

No ser han OL-lyset i enden av tunnelen

FLORØ (NRK): Etter to trøblete år med skadar og overtrening, har Øyvind Kjerpeset (24) endeleg funne forma som kan ta han til OL.

Øyvind Strømmen Kjerpeset forklarer korleis løpet hans var

PÅ VEG TILBAKE: Øyvind Strømmen Kjerpeset har levert solide resultat i innandørskonkurranse i friidrett så langt i år.

Foto: Rune Fossum / NRK

På dei to første konkurransane har florøværingen synt at han ikkje har gitt opp dette målet.

Under Florø Indoors Games laurdag sprang han 100 meter på 10,80, noko som stod til ein tredjeplass. På 60 meter stoppa klokka på 7,01. I Bærum førre helg sprang han 400 meter flatt på 48 sekund.

– Eg veit kor eg må ligge fartsmessig for å springe internasjonale tider på 400 meter hekk, og det er eigentleg akkurat her, seier Kjerpeset.

Har tru på at lukka snur

Thor Kjerpeset, Vladimir Vukicevic og Øyvind Strømmen Kjerpeset etter 100-meterfinalen

INNANDØRSSTEMNE: Her er Øyvind Strømmen Kjerpeset med Vladimir Vukicevic (i midten) og far til Øyvind og Kristi, Thor Kjerpeset.

Foto: Rune Fossum / NRK

For det er på 400 meter hekk fokuset ligg på når han kjempar seg fram mot OL. I to år på rad har han satsa for å nå VM, men først sette ein mystisk fotskade stoppar for målet. I fjor gjekk han for hardt ut og trente rett og slett for mykje.

Men no ser alt mykje lysare ut, og 2016 kan bli året der alt snur.

– Vi har trent veldig hardt og det har gjeve gode resultat. Eg var veldig nøgd med 400 meteren førre helg, og når eg ser at treningskompisen min spring inn til noregsrekord med eit halvt sekund, så blir eg veldig positiv og håpar at eg kan gjere det same i løpet av nokre helger, seier Kjerpeset.

Og sjølv om OL-kravet til 400 meter hekk blir tøffare og tøffare, ser han lyst på at han skal klare å springe på under 49,30, og dermed få delta. Helst vil han springe på 49 blank.

– Om eg får trent skadefritt no fram til juni, så ligg eg veldig godt an. OL-kravet har aldri vore hardare, men eg skal angripe det offensivt.

Jaysuma Saidy Ndure spring inn til siger på 100 meter i sesongopninga innandørs i Florø.

SOLIDE LØP: Både vinnaren Jaysuma Saidy Ndure og Øyvind Strømmen Kjerpeset (nærast kamera) gjorde god figur i Florø. Foto: Rune Fossum

Tilbake etter trøblete år

Også veslesøster Kristi Strømmen Kjerpeset (18) gjorde det sterkt under laurdagens konkurransar. Ho sette to personlege rekordar, med nesten to tidelar på 60 meter og tre tidelar 100 meter.

– Dette er ei kjensle eg har venta på i fem år snart. Eit skikkeleg overskot der eg kjenner at kroppen er klar og der eg spring over målstreken og kjenner at eg gav alt.

I 2013 fekk ho kyssesjuka og sleit med den i nesten halvanna år. Men det var tydelegvis ikkje nok, for i tillegg fekk ho ein solid skade i hamstring.

– Det har vore tungt å motivere meg og halde på når eg såg at kroppen ikkje fungerte som den skal. Men eg er veldig glad for at eg har gjort det. Det er ingenting som er så herleg som å vite at du har kome gjennom motgang.

No er målet hennar å vere med i medaljekampen i NM og kjempe i toppen i junior-VM.

Kristi Strømmen Kjerpeset og Christine Bjelland Jensen på 100 meter i Florø.

REKORD: Kristi Strømmen Kjerpeset (lengst vekk frå kamera) slo sin eigen personlege rekord på 100 meter med tre tidelar då ho sprang på tida 12,27. Christine Bjelland Jensen spring nærast kamera. Foto: Rune Fossum