NRK Meny
Normal

«Eg trur spelarane treng ein kvile no. Både frå kvarandre og frå volleyballen»

Etter å ha leia Førde til sin sjette cupfinale, trur trenar Marcin Lubiejewski at volleyballtrøytte spelarar vil ha godt av ein pause.

Marcin Lubiejewski

UTE: Marcin Lubiejewski får truleg ikkje spele cupfinalen mot Tromsø.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Volleyballherrane har lagt bak seg ein hektisk haust, med nasjonalt cup- og seriespel – samt europacup og nordisk liga.

Neste helg avrundar eliteserielaget 2013 med dobbeltoppgjer i Oslo. Kampar som kan løfte dei regjerande seriemeistrane heilt opp i ryggen på

– Eg trur spelarane treng ein kvile no, både frå kvarandre og frå volleyballen, slik at dei er tilbake etter nyttår med meir mobilisering og svoltne på å spele, seier Lubiejewski.

– Uventa lett

Førde feia semifinalemotstandar Koll av bana i første sett med 25–10. Heimelaget serva osloklubben i senk og blokkerte det vesle gjestene hadde å by på.

– Dei hadde problem i mottak og vi blokka bra sjølv om eg registrerer at vi ikkje fekk noko poeng på det. Samstundes gjorde dei veldig mange feil, eg talde vel 11 i alt, seier Lubiejewski.

(Artikkelen held fram under videoen)

Førde Volleyballklubb slo Koll 3-0 og er dermed klare for sin fjerde strake, og sjette totalt, cupfinale.

SJÅ VIDEO: Førde Volleyballklubb er klare for sin sjette, og fjerde strake, cupfinale. (Foto/redigering: Alf Vidar Snæland/NRK)

– Eg venta meg mykje meir frå Koll, men dei kom utan fleire sentrale spelarar. Då vart det lett for oss, seier han.

Eithun vs. Førde

– Likevel tykte eg ikkje vi spelte så bra som eg ventar, seier trenaren. Dei to siste setta vart langt jamnare, held trenaren fram.

Koll-spelar Geir Eithun

UTE: Geir Eithun la opp som Førde-spelar etter cupfinalen i fjor. I år vart han slått ut av gamleklubben i semifinalen.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Koll hadde tidlegare Førde-spelar Geir Eithun på bana. Ein spelar som samane med lagkamerat Henrik Lauten vart Kolls mest verdifulle spelar med ti poeng.

Eithun har denne sesongen vikariert som lagleiar for Førde-trenar Marcin Lubiejewski mot russiske Fakel Novy Urengoy i europacupen.

– Det var litt morosamt at han var hovudtrenar for oss i Russland, og no kom her som motspelar. Slik sett var det bra at vi vann kampen, gliser Lubiejewski.

Må opererast

– Det såg mest ut som om det var Eithun mot Førde. Det var stort sett han som slo, og han sanka vel flest poeng for Koll, legg FVBK-trenaren til.

(Artikkelen held fram under biletgalleriet)

Sjølv sat den polske trenaren på benken heile kampen. Ein kneskade gjer at han heller ikkje blir aktuell for spel før i midten av februar. Dermed får han etter alle solemerke ikkje spele cupfinalen mot Tromsø 18. januar.

– Eg reiser til Polen for å feire jul og skal oppsøke legen der. Truleg blir det operasjon, og då blir eg ute i seks veker, seier han.

Comeback-Numme

Medan første sett mot Koll gjekk leikande lett, var det gjensyn med Nils Edvin Numme som skulle til for å tenne gnisten i heimelaget i andre sett.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nils Edvin Numme

COMEBACK: Nils Edvin Numme la opp etter 2011-sesongen, men er no tilbake i Førde-trøya.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Det kan ha vore tilfeldig, men eg fekk slått inn eit par-tre-fire ballar med ein gong. Eg kom bra i gang og kanskje det var det som skulle til for å få meir sprut i laget, undrar 29-åringen som vart den store helten då Førde vart cupmeistrar i 2011.

Sørlendingen la opp for to år sidan, men gjorde comeback mot Oslo Volley førre helg.

– Privilegert

– Det er veldig kjekt å vere tilbake på volleyballbana. Det har gått lang tid utan å konkurrere på dette nivået, og eg elskar å konkurrere, seier Farsund-guten og vedgår han denne sesongen vil hjelpe til så mykje han kan. Om Lubiejewski ynskjer det.

– Eg elskar Førde volleyballklubb. Klubben har betydd mykje for meg. Dei er ein kjekk gjeng å spele saman med, og eg kjenner meg privilegert om får vere med og kanskje hjelpe, sjølv om forma ikkje er slik som då eg slutta, humrar han.

Trur ikkje på finale

– Du ser at han har spelt på høgt nivå tidlegare, så eg håpar å kunne bruke han mykje meir i dei neste kampane, seier Førde-trenaren.

Men tenestene til Numme får Lubiejewski truleg ikkje nytte når Tromsø blir cupfinalemotstandar i volleyballstorstova Domus Athletica i Oslo.

– Det heng litt saman med familiesituasjonen. Vi ventar barn og har termin 9. januar. Førre kom over ei veke etter, så slik sett kan det ligge an til krasj. Dessutan må eg nok trene meir om eg skal vere med, seier han.

Svoltne Tromsø

Cupfinalen blir reprise frå 2007 då Førde sikra seg sitt første cupmeisterskap. Sidan har ikkje Tromsø vore i finalen, medan sunnfjordklubben no er klare for sin sjette.

Så langt er det blitt to cupmeisterskap, medan dei to siste finalane mot Nyborg har enda i tap. Lubiejewski trur det er to sigershungrige cupfinalelag som møtes 18. januar.

– Det ser ut som om dei sterkaste laga er ute, men Tromsø har gjort det bra så langt i år. Dei er på andreplass i serien, og ser ut til å spele betre og betre. Sidan dei ikkje har spelt cupfinale på mange år, så vil dei heilt sikkert mobilisere inn mot finalen, avsluttar Førde-trenaren.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.